• Sesong: Mars - juni
  • Stigning: 940 høgdemeter
  • Fall: 940 høgdemeter
  • Lengd: 14,2 km
  • Utstyr: Stegjern og isøks ved isete forhold ved siste oppstigning mot toppen
  • Kart: Norge-serien: Førde 1:50.000
  • Tips: Når vegen over Gaularfjellet er opna  kan du starte turen frå vegen mot Torsnesstølen

8.2.1 Opp via Flatfjellet Utfordrande, E1, GV

Ved turstart ved Langestølen følgjer du fv13 austover til du tek av ved parkeringsplassen til starten av "Fossestien" mot Torsnesstølen. Du kryssar elva og held fram i sørleg retning mot toppen av skaret på 764 moh. Denne er markert med ein stor varde, og du får utsikt til Skarvatn og den gamle ferdselsvegen mellom Sunnfjord og Sogn gjennom Sværaskaret. Den tyngste delen av turen går frå varden og  sørvest til du når toppen av Flatfjellet. Frå Flatfjellet går vegen sørover i lett kupert terreng. Like før toppunktet, i søkket når du har passert høgde 1328 moh., reiser det seg eit bratt heng på 50 høgdemeter. Du går opp bratthenget på høgre side. Her vel dei fleste å ta av seg skia for å nå toppen. 

Heimtur: Du følgjer same ruta ned som opp. 

  • Starthøgde: 695 moh. ved Torsnesstølen (520 moh ved bommen ved Langestølen)
  • Stigning: 841 høgdemeter frå Torsnesstølen til Johannesberg
  • Fall: 99 høgdemeter frå Torsnesstølen til Johannesberg
  • Lengd: 7,1 km frå Torsnesstølen til Johannesberg
  • Brattaste punkt: 25-28 grader (860-1050 moh.), 32-44 grader (1330-1370 moh.)
  • Tips: Flatfjellet eignar seg også som topptur, der du kan velje mellom fleire nedkøyringar med ulike vanskegradar. Med toppturutstyr finn du og ei utfordrande nedkøyring sør for toppen, ned mot Dalsdalen
  • Farar: Utgliding ved skavl som kan danne seg i det bratte henget før toppen.
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Frå Toppturar i Sunnfjord