Om forholda er på plass er det anbefalt å parkere bilen og ta skia fatt.
For denne korte turen gir mykje att av både utsikt og spektakulær skikøyring, og du har garantert fått full energitank etterpå!
Tilkomst/parkering: Parkering ved Skei Servicenter (bensinstasjonen).
4.1.1 Opp via Slåttegrova Komplekst, E3, V
Sidan terrenget er bratt er det anbefalt å gå opp renna før du køyrer ned. Først kryssar du bøane og følgjer deretter ein traktorveg opp mot sjølve renna.
Renna er jamt bratt, men noko brattare like før toppen. Frå toppen av renna når du toppunktet på høgde 860 moh. ved å runde nord om det brattaste henget.
Nedkøyring: Under nedkøyringa har dei første 50 høgdemetrane av renna det smalaste og brattaste terrenget.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 210 moh.
Sesong: Februar – april
Himmelretning: Søraust
Stigning: 650 høgdemeter
Terrengformasjon: Renne
Brattaste punkt: 40-43 grader (830-720 moh.), 37-40 grader (720-500 moh.)
Tips: Sola når renna tidleg på dag. Oppstigning og nedkøyring må difor planleggast nøye
Utstyr: Stegjern og isøks, eventuelt tau til rappell i øvre del av renna
Farar: Naturleg utløyste skred pga. soloppvarming eller temperaturstigning
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.