Den eignar seg godt som nybegynnartur, men er også mykje brukt som ein rask ettermiddagstur eller kveldstur med hovudlykt i dei mørke vintermånadane.
Nedkøyringa går i ope terreng i starten og går deretter over i fin skogskøyring.
Tilkomst/parkering: Frå Førde følgjer du E39 mot Vassenden. Etter om lag 13 km tek du av ved skiltet mot Eikås.
Det er også skilta oppkøyring til Eikås nokre kilometer lenger aust på E39. Du kan bruke begge oppkøyringane. Parkering ved elva Storegrova.
3.1.1 Opp via Ytre Eikåsstøylen Utfordrande, E1, LV
Første del av turen går oppover langs ein skogsveg vest for Storegrova til nokre stølshus like sørvest for Ytre Eikåsstøylen.
Stølen ligg ved tregrensa på 500 moh. Vidare går turen jamt og slakt oppover mot toppen.
På veg opp kan du komme borti nokre korte heng som er over 30 grader, men det er ikkje vanskeleg å legge ruta slik at ein unngår dei brattaste henga.
Nedkøyring: Det er mest vanleg å nytte same ruta som du gikk opp, men du finn og fine alternativ til nedkøyring litt sør for oppstigninga.
Den mest brukte nedkøyringa frå Ytre Eikåsstøylen er å følgje skogsvegen. Like vest for skogsvegen kan du bryne deg på skogskøyring.
Tid: Kort 2-4 timar
Startshøgde: 180 moh.
Sesong: Januar – april
Himmelretning: Søraust
Stigning: 650 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 23-30 grader (550-800 moh.)
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Topptur på ski Eikåsnipa Sunnfjord
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.