Opp til Snønipa

Du følgjer skogsveg opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen på vestsida av elva nordover mot Haugabreen. Opp brefallet er det vanlegast å gå langs midten av brearmen. Der breen flatar ut held du fram nordover til du har passert fjellhamrane på venstre sida. Rett etter desse dreiar du mot vest og går brattare opp brefallet som vender opp mot høgda 1670 moh. Når du er kommen opp det brattaste partiet ser du toppen mot nordvest, og svingar gradvis mot denne. 

Ned til Veiteberg

Frå toppen køyrer du sørover og passerer vest for høgda 1687 moh. og vindgryta rundt denne som lokalt vert kalla «Djevelens dansesal». Du held fram i same retning ned det bratte brefallet. Der brearmen flatar ut legg du gradvis sporet mot sørvest ned mot brevatnet, og held fram nedover mot Sollibotnen. Frå Sollibotnen kan du køyre på begge sider av moreneryggen kalla Sollirinden. Ver merksam på at elva kan være opa sør for Sollirinden. Du følgjer skogsvegen ned til Veiteberg.

  • Starthøgde: 340 moh. ved start frå Høyset, seint i sesongen kan ein ofte køyre opp skogsvegen og parkere på 500-600 moh.
  • Stigning: 1584 høgdemeter 
  • Fall: 1706 høgdemeter
  • Lengd: 17,5 km
  • Kart: For meir informasjon og fakta, sjå kapittelet Skei og Stardalen; Snønipa 1827moh.
  • Farar: Det flate partiet langs skogsvegen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla «alpin start» er naudsynt om skreda ikkje har gått. Ruta går over snødekt bre frå innsteget på Haugabreen. Det er store sprekker opp heile breen. Ved dårleg sikt må du vere merksam på ei stor vindgryte, Djevelens dansesal, rundt toppen 1687 moh. under nedkøyringa mot Veiteberg, samt bresprekker i brefallet under denne nedkøyringa.  Fare for naturleg utløyste skred i sida nord for moreneryggen kalla Sollirinden og i den vestvende sida ned mot skogsvegen i Veitebergsdalen
  • Overnatting: Etter turen kan du overnatte i Stardalen Hyttegrend (stardalenhyttegrend.no) eller på Thon Hotel Jølster på Skei (thonhotels.no). Jølster har fleire andre overnattingsstadar som kan vere aktuelle, sjå Jølster365 (jolster365.no) for meir informasjon.
  • Mat: Thon Hotel Jølster har restaurant og det er kort gåavstand til to daglegvarebutikkar på Skei. 
  • Tilkomst: Det er om lag 3.5 km frå der du kjem ned til Veiteberg til Stardalen Hyttegrend. Til Skei sentrum er det 12 km. For transport kan du nytte Skei Taxi.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Frå Toppturar i Sunnfjord