/ Topptur

Snønipa er høyeste topp i Sunnfjord

Snønipa er omkransa av bre, og som den høgste toppen i Sunnfjord har fjellet lang sesong, der det kan komme nysnø langt ut på våren.

Sist oppdatert: 30. oktober 2020 kl 12.20

«Dronninga av Sunnfjord» er eit ynda mål for både brevandrarar og skientusiastar, og eignar seg godt både som topptur og på fjellski. Både frå Høyset og Veiteberg går du i eit dramatisk fjellområde med bratte heng, brefall og langstrekte vidder innover breen. Ruta frå Høyset blir brukt som ekspedisjonstur av familiar med spreke barn og ungdommar. Frå toppen har du utsikt ut i havet mot vest, og mot Hurrungane og Lodalskåpa i aust. 

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg held du fram på fv453. Om du vil gå turen opp via Veitebergsdalen startar du turen på Veiteberg. Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering.  Om du vil ha oppstigning via Haugabreen tek du av på Høyset på fv453 der det er skilta mot Høyset Camping. Parker mot avgift på toppturparkering rett ved Høyset Camping. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen. 

Allerede abonnent?  

Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998

OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin

*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.

Alle abonnement fornyes automatisk. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.

Toppturer i Sunnfjord
Toppturer i Sunnfjord
79 toppturer i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster
 

Relaterte artikler

 

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen