Dei to reknar ikkje med å nytte anlegget sjølve, men seier til Firda at dei er opptekne av at ungdommen i bygda skal ha noko å gå til.
Styreleiaren i Jølster Skisenter, Atle Hamar, er takksam for gåva, og seier den gir dei ein god start på innsamlinga blant bygdefolket, der målet er å få inn ein million kroner.
Jølster Skisenter på Vassenden har planane klare for ei kraftig utviding av anlegget. Det nye topppunktet ligg 765 moh og vil gje ei fallhøgde på rundt 630 meter mot dagens 230 meter. Innvesteringa på 9,5 millionar kroner skal blant anna verte betalt med tippemidlar,lokale innvestorar, lån og ein ein god posjon dugnadstimar, seier styreleiar Atle Hamar i eit intervju til NRK Sogn og Fjordane.
Jølster skisenter er utpeikt til regionanlegg for Sunnfjord, men dei siste vintrane har snømangel vore eit problem. Difor vil dei flytte heile anlegget opp i høgda for å få tilgang på natursnø. Den nye heisen opnar for nye store områder og traséar. Frå før har anlegget kunstsnøanlegg som sørgar for snø i nedre delar av anlegget.