Oversiktskart over Rørvikfjellet og Haukedalen. Frå Toppturar i Sunnfjord.
Lesetid: 2 minutter
Fjellsidene langs Haukedalsvatnet er ofte kledde i fjørlett snø langt ut i sesongen.
Sjølv om toppane ikkje er blant dei høgste i Sunnfjord, byr dei på ei utsikt heilt frå tindane i Hurrungane til merkefjella langs kysten.
Ned frå Blåfjellet. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
Ver, snø og sesong: Turane frå Rørvikfjellet startar på kring 550 moh., mens turane langs Haukedalsvatnet startar på 300 moh.
Nærleiken til breplatåa og det islagde Haukedalsvatnet gir området ein stabil kjøleg temperatur, som gjer at snøgrensa held seg låg langt ut i vårsesongen.
Fleire av nedkøyringane ved Haukedalsvatnet ligg i austvende sider, som ligg i le for den dominerande vestavinden i området.
Kjente fjell og turar: Blåfjellet er eit mykje brukt toppturmål i Haukedalen, og byr på variert nedkøyring frå det trygge til det meir bratte.
Frå toppen av Tverrfjellet og ned mot Litlebotnen ligg ei jamn og fin side, men godt skjult frå allfarveg og derfor eit relativt ukjent toppturmål
Sunnfjordbjørnen er ein juvel inst i Haukedalen der den ligg som ei krune i kanten av Jostefonni.
På toppen av Norddalsegga kan du nyte utsikta over breplatåa i området før du kan kose deg med nedkøyringa.
Turen opp Blikelvholten skil seg frå dei andre toppturane i området, med eit terreng som set større krav til kunnskap om trygge sporval.
Nesfjellet byr på ekte fjord til fjell-oppleving med ei fantastisk utsikt over Haukedalsvatnet under heile oppstigninga.
Like etter parkeringa startar du på den bratte oppstigninga opp Gjerlandsheia med utsikt over Haukedalsvatnet heile vegen opp.