/ Padling

Mandag etter flaumen

Når det er flom på Vestlandet dukker opp nye muligheter for elvepadlerne. Dag Sandvik og Jamie Sutton padla den monumentale Rognsfossen ved Voss mandagen etter flommen.

Sist oppdatert 18. oktober 2018 kl 12.29
FØRSTEGANGSPADLING: Store vannmengder på Vestlandet åpna for førstegangspadlingen av Rognsfossen på Voss. Dag Sandvik fiksa biffen.
FØRSTEGANGSPADLING: Store vannmengder på Vestlandet åpna for førstegangspadlingen av Rognsfossen på Voss. Dag Sandvik fiksa biffen.

Flaumen hadde trukke seg attende i løpet av natta, og mandagsmorgonen var av dei normale, rolege morgonane som hausten byr på. Nokre Sjåkveringar klaga i P2 over at husa dei hadde bygd opp att der flaumen tok dei sist, no var teke av flaumen att. Sola var oppe, og eg kunne sjå at trea framleis hadde mesteparten av dei gule og raude lauva. Kommunestyreinnkallinga som var open på skjermen føre meg, var noko kortare og mindre traust enn dei ofte er. Kaffen var nybrend, nykverna og akkurat passe varm, og livet i heimekontoret var jamnt over bra. Merksemda mi var likevel ikkje her og no. Eg tok opp telefonen med den oppsprukne skjermen og bladde meg ned til «Jamie».

Se film under artikkelen!

– Hallo, korleis går det? Var spørsmålet som laud i den andre enden.

– Jo, heilt greit. Enn du? Skal me gjere denne park n hucken idag?

– Ja, sweet as. Eg har nett levert Hanna i barnehagen, og Mike er klar han og. Når vil du møtast?

– 9.30 ved «Frispo»?

– Ja, det burde vere tid nok, sa Jamie med eit så positivt stemmeleie som det er mulig å ha.

– Kult. Eg har gjeve melding til Sasha også. Eg trur ho ville filme.

Eg raska saman vatnflaska, tørt ullundertøy og eit go-pro kamera med ukjend batterilevetid, før eg gjekk ut i carporten og pakka resten av padleutstyret. Klokka var blitt 9.15 og det var høveleg tid til å kjøre ned i sentrum der stryket låg. 

– Oh...hehehe. Det er veldig stort. Men eg kan ikkje forstå noko anna enn at det skal gå.

– Ja, ikkje sant. Det er ei linje der?

PÅ LINJA: Jamie sikter seg inn på riktig sted i fossen.

Jamie møter meg ved parkeringa nedom leiligheitsbygget som ligg fem minuttar gange frå Voss sentrum. Han smiler, men heldigvis viser også han teikn til frykt, etter å ha synfart stryket nedstraums for landinga. Eg hadde synfart kvelden før og visste både at dette kunne gå, og at det nok ville vere det skumlaste eg noko sinne hadde gjort i ein kajakk. No er me begge prega av alvoret, og går til oppgåva med dårlege spøkar, nervøs latter og keitete rørsler. Me tek med oss tau, og går opp riksvegen til toppen av stryket der ein demning leier noko av vatnet inn i eit lite kraftverk. Me klatrar ned attmed klekkeriet som jobbar med å få attende Vossolaksen, verdas største Atlanterhavslaks, som etter ei rekke kraft-, veg- og oppdrettsutbyggingar har knela for det menneskelege «framsteg». Ut av døra kjem Geir Ove, styrar for arbeidet på klekkeriet. 

– Hei gutar. Skal de ut å padle no?

– Ja, me tenkte å ta oss ein tur.

– Ned i fossen?

– Ja.

– Oioi. Då får de halde augene opne og sjå om de ser noko laks. Det er alt for mykje vatn til at me klarer å komme i nærleiken no. Hahaha, nei no tuller eg. De får ha lukke til. Det ser heftig ut.

Ein snodig men triveleg samtale. Eller er det tankesettet mitt som er litt på skakke av adrenalin? Uansett, eg kjem fort attende til ein fryktframkalla tilstand av nærver, og forsøker å verte klok på om magekjensla mi tilseier at det er stor nok sjanse for å komme frå dette i god behald. Stryket er ei gigantisk sklie midt i sentrum av elvepadlemetropolen Voss, som framleis er upadla. Ein kan undre seg på om det då ikkje skulle vere gode nok grunnar til å ikkje padle her. Men svaret er, nja, på høg nok vassføring vert jettegrytene oversymd av vatn, og den enorme vaskemaskina i botn byrjar å forsvinne. I bytte får ein eit monster av ei surfebølge, og ei tilsvarande stor valse som krydder i inngangen. Nett på toppen av skiten.

SKUMMELT: Store vannmengder og skummel padling. Dag Sandvik er fornøyd når han er nede med helsa i behold etter førstegangspadlingen.

– Faen. Eg er så redd.

– Haha. Ja. Men eg trur det går, svarar Jamie.

– Kvar skal Mike setje sikring?

– Han og Sasha set seg i båten i bakevja i enden av juvet.

– Heilt der nede?

– Han meinte det var den første plassen han kunne gjere noko, svarar Jamie meg utan noko betryggande ro i stemma denne gongen.

Me ruslar ned gangvegen i eit etterlengta augneblikk av ro, medan me avgjer korleis me gjennomfører dette.

– Skal me padle saman, eller ein og ein, spør Jamie.

– Me bør padle ein og ein, berre sånn at Mike ikkje plutseleg må velje om han skal redde meg eller deg. 

– Smart. For med tanke på at eg og Mike er naboar, og at me bytter på å hente i barnehagen, ville ikkje det vore gunstig for deg.

– Nei.

– Vil du padle først, då?

Eg vil absolutt ikkje padle først. Nett no vil eg aller helst berre utsette alt. Men eg veit eg er ein notorisk nølar, og at dette vert bra berre eg kjem meg opp til toppen i padleklede. I tillegg er dette ein førstegongspadling midt i sentrum av heimbygda, og eg har tenkt på dette i årevis.

– Ja, eg kan padle først, svarar eg.

Omlag ein halv time seinare sit eg i bakevja på toppen. Eg har kløna som ein nybyrjar med å entre vatnet frå dei litt glatte steinane, og eg er i gang med nokre avspenningsøvingar for å halde på det eg har att av ro. Klok av skade frå NM i slalåm for ei veke sidan, der eg elegant gløymde heile slutten på løypa og droppa port nummer 12 to gonger på rad, har eg visualisert linja. Grundig. Om att og om att. Ut av bakevja, rett høgre for den store bølga, rett venstre for greinene som heng ut, sikt rett fram i kanten på curleren, håp at du er på linja, ta det som kjem, kryp saman og hold på åra. Eg sklir ut av bakevja og roen senker seg. På veg opp att vegen til toppen av stryket er livet nett slik eg liker det. Den ellers trauste vetslendingen i meg trippar som ein spanjol på cola, og eg kan overta kameraet til Jamie og sei det som det er.

– Det er svært. Nesten større enn me trur, men også enklare. Dette har du kontroll på.

GODKJENT: Jamie Sutton fra New Zealand på vei ned fossen.

Og det har han. Jamie må vere ein av verdas beste padlarar, og eg kan i skrivande stund ikkje komme på ei linje han har bomma grovt på. Av den grunn, står eg på kanten av stryket, og er mest redd for å miste kameraet, ta bilder ute av fokus eller skli på mosen og ramle ut i elva i eit scenario verre enn Peter Sellers kunne ha komme opp med når han var i live. 

Ein blå padlar i ein grøn båt kjem susande bak buskaset, og eg klemmer to svette hender om kameraet. Han treff på inngangen og eg fyrer i veg seriefotofunksjonen medan Jamie fyrer i veg det største stryket som er padla i Vossatraktene på mange år. Alt suser mot ein lukkeleg slutt, men halvegs ned sklia skjer det som ikkje skal skje. Adrenalinet skyt ut i cellene mine der eg står på kanten og ser ned mot midten av stryket. Minnekortet har fått nok å prossesere, lukkaren har stilna og fryktelege glimt av eit fortapt instagraminnlegg suser foran netthinna mi, medan Jamie styler sklia til terningkast seks. I det han suser ut juvet ned til sikrarane, framleis i solid grad 4, får eg knipsa eit par bilete til. Eg skiftar raskt til forhåndsvisning på kameraet. Eg finn eit bilete av Jamie på veg ned i sjølve kjernen på stryket. Det er heilt ok, i fokus og eg kjenner den eksistensielle roa breie seg i meg. Eg fekk det på minnekortet, då har det verkeleg hend. For ein mandag.

FORNØYD GJENG: To som padla, to som sikra og to som henta i barnehagen etterpå.

Se filmen av førstegangspadlingen:

Publisert 18. oktober 2018 kl 12.29
Sist oppdatert 18. oktober 2018 kl 12.29
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen