Mot tryggare og meir stabile skredforhold

Mot tryggare og meir stabile skredforhold

Snøskredfaren vert redusert i heile Noreg i siste del av påska. Også i Jotunheimen, kor det har vært krevjande heile veka, vert snøen meir stabil.

Sist oppdatert 31. mars 2024 kl 15.13
snøskred på rundt fjell
UTANFOR VARSLINGSREGION: Dette snøskredet gjekk i Rendalen i Hedmark påskeaften. Foto: OML / regobs

– Høgfjellsområda i Jotunheimen har framleis betydeleg skredfare, men også her er faren gradvis på veg ned. I Hallingdal og Telemark har det kome litt nysnø siste døgn, denne vil gradvis stabilisere seg, men det kan framleis vere lett å løyse ut skred i den ferske snøen. Det finst også vedvarande svake lag i snødekket, seier vaktleiar i Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), Jostein Aasen.

snøskred og fjell
Les også

Redusert skredfare i heile landet

For påskas siste feriedag måndag varslar Varsom.no framleis faregrad 3 - betydeleg skredfare - i Jotunheimen, men ellers 1 eller 2 i heile Noreg.

– Ved utgangen av påska er skredfaren avtakande i det meste av landet. På Nordvestlandet har me eit ganske stabilt snødekke, og skredfaren er på veg ned mot faregrad 1 her. Også i nord er det også mange regionar som byrjar å bli vurdert til faregrad 1, seier Aasen.

Skredproblema i Nord-Norge varierer, men det går mot tryggare forhold i heile den nordlege delen av landet.

– I dei nordlegaste regionane er skredproblema stort sett små, ferske fokksnøflak som er danna etter snøbyger. Både storleiken og utbreiinga av desse flaka er vurdert som liten, men flaka er lette å løyse ut. I Nordland er det også fokksnø som er skredproblem, men denne fokksnøen er eldre og det skal meir til for å løyse ut skred i den, seier Jostein Aasen.

snøskred
HALLINGDAL: Snøsked i Flå i varslingsregionen Buskerud. Foto: Jørgen / regobs

Skredfare i indre austland

Samstundes tyder fleire observasjonar på ein lyt vere oppmerksam i områder som ikkje har fast skredvarsling. Skredvarslinga oppfordrar folk til å sende inn observasjonar sjølv om dei ikkje er frå områder med skredvarsel:

– I det indre austlandet, utanfor varslingsregionane, har det vore observert både drønn i snødekket og skred dei siste dagane. Det tyder på at det finst eit skredproblem med vedvarande svakt lag i snødekket også her. Me oppfordrar alle til å sende inn slike observasjonar sjølv om ein er utanfor faste varslingsregionar. Då kan andre som ferdast i fjellet få din hjelp til til å gjere eigne vurderingar av skredfaren i området, seier vaktleiar Jostein Aasen.

Komplett snøskredvarsel finn du som alltid på varsom.no!

Publisert 31. mars 2024 kl 15.13
Sist oppdatert 31. mars 2024 kl 15.13
annonse
Relaterte artikler
annonse
snøskred
– Nære på at det gikk skikkelig galt

Stort snøskred ved Rauddalstindane i Jotunheimen

IKKE PÅSKEKYLLING:  Deler av Sør-Norge sliter (fortsatt) med et rimlag, som enda ikke har stabilisert seg. Foto: Varsom
En høytid med skummelt rimlag

Daglige oppdateringer fra Varsom i påsken

bilde av rim
Etterlengtet påfyll av snø gir økt faregrad mot helgen

Rim skaper nye skredproblemer

to grupper på skitur i fjellet
Guidemøter, ny app, mer informasjon og flere observasjoner

Nye tiltak mot skredulykker i Troms

gutt i snøskred
Se den dramatiske filmen

– En uvirkelig opplevelse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen