Fuktig puddersurfing i Myrkdalen

Myrkdalen ga god kjøring både natt og dag.

Sist oppdatert 7. desember 2015 kl 13.10
VÅTT: Myrkdalen var vått og fuktig, men leverte god kjøring. Her med Fri Flyts Anders Kunze Juul-Dam. Foto: Olav Tarjei Valebjørg
VÅTT: Myrkdalen var vått og fuktig, men leverte god kjøring. Her med Fri Flyts Anders Kunze Juul-Dam. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Yr.no vart sjekka eit 30-talls gonger over fjellet på veg vestover. Det var nok tid å ta av, då det var kolonnekøyring som var trendy denne fredagen. Filefjell vart løysinga, og køyreturen ein god del lengre.

Helga var undertegnede og kompani sin fyrste tur for sesongen, og om «Synne» viste seg frå si beste side ville denne helga bli i Japan-stil. Turen gjekk til Myrkdalen, med enorme nedbørsmengder i vente.

Men «Synne» var litt i heitaste laget, og med mindre Yr tok feil med eit par grader ville laurdag bli i overkant fuktig. Yr tok ikkje feil.

Etter ein lang tur i bil ankom vi Myrkdalen i 22-tida. Brøytekantane lova gode mengder snø, og det at vi måtte grave oss inn til døra på hytta vart tatt i mot med store smil.

(Blogginnlegget fortsetter under bildet)

myrk-1
myrk-1

NATT: Myrkdalen leverte også på natta. Foto: Olav Tarjei Valebjørg

Alltid ivrig

Første tur på ski og brett er ein alltid ivrig, og denne turen var ikkje ulik. Ikkje lenge etter ankomst var fire mann på veg opp fjellet med hodelykt. Snødrevet var tett, og lykka over å kjenne snøfnugga på kinnet istadenfor grått regn i hovedstaden lyste i alle fire.

Varsom.no meldte faregrad 4 i området, så turen vart ikkje mot dei villaste henga. Men det trengtes heller ikkje. Skogen over hyttefeltet vart målet. Her låg djup pudder og venta, tok imot oss med opne armar.

Vi satte utfor rett etter midnatt, og med kraftige lykter for vi nedover skogen utan eigentleg å fatte kor bra det var. Vel tilbake på hytta vart Yr sjekka igjen, og det såg fortsatt varmt ut for neste dag. Noko vi trudde lite på. Klart det vart kaldare enn det. 

Det vart det ikkje. I løpet av laurdagen kom det over 50mm nedbør i form av regn. Med ein heis oppe og eit sugeføre av dimensjonar vart det ikkje mange turane før vi var våte til skinnet og tok ei sunn og logisk vurdering. Afterski. 

(Blogginnlegget fortsetter under bildet)

olav
olav

MYRK: Olav Tarjei Valebjørg i Myrkdalen. Foto: Anders Kunze Juul-Dam

30 cm i løpet av natta

Godt nede i ølet og «underdressed» på Pudder Afterski i Myrkdalen (Julebordsesongen er i gang) begynte regnet å dra over i sludd. Og igjen over i fin, fluffy dog litt våt snø. Håpet begynte å stige att.

Søndag vart fantastisk. Landsbytrekket gjekk i motsetning til dagen før, og det betydde tilgang på litt skogskøyring. Godt plassert i koppheisen steig stemninga i takt med at temperaturen sank, og på toppen av skogen var det bortimot det som kan kallast tørr snø. 

Det hadde kome 30cm snø i løpet av natta, og uten store temperaturendringar gjekk denne ladninga fint sammen med det som låg under. Skogen over hyttefeltet leverte til dei grader, og at vi kunne få dette føret etter 50mm regn dagen før er heilt vilt. 

Det vart tur etter tur, i uspora snø og akkompagnert av gledeshyl. Det som såg ut til å regne vekk vart ein betre sesongstart enn nokon forventa.

Turen vart suksess, og «Synne» viste si gode side mot slutten av den kortvarige romansen vår på Vestlandet. Myrkdalen er eit veldig bra område, og om veret held seg og skredfaren reduserast vil dagane som kjem bli heilt ville der borte.

Til dykk som har sjansen, REIS!

Publisert 7. desember 2015 kl 13.10
Sist oppdatert 7. desember 2015 kl 13.10
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen