/ Folk

– Lenge siden jeg har gjort noe så dumt og så morsomt

SOMMERPRAT: Sondre Loftsgarden har festet hælen, signert med K2 og vært på skitur i en bekk.

Sist oppdatert 11. august 2016 kl 11.56
LEDER AN: Sondre Loftsgarden på Haukelifjell for noen dager siden. Legg merke til alpinbinding. Foto: Magnus Tjønn
LEDER AN: Sondre Loftsgarden på Haukelifjell for noen dager siden. Legg merke til alpinbinding. Foto: Magnus Tjønn

– Kva er det du gjer på bileta, eigentleg?
– Eg går ei nordrenne opp frå Dyrskar på Haukelifjell – den einaste renna eg veit om som er snofast heile sumaren, eller det er kanskje ei overdriving. Snødekket var noko usamanhengande så halvparten av turen gjekk i ein bekk. Fekk ein spontan idé om å dra på ski og tenkte at Haukelifjell var det snøsikraste i august og fekk med meg ja-person Magnus Tjønn. Om sumaren er den gamle vegen over Haukelitunnelen open slik at ein lett når inn til fleire renner.

– Er det dette Sigurd Løvfall (se portrett i Fri Flyt) kallar type 2-moro?
– Haha, lenge sidan eg har gjort noko så dumt og samtidig morosamt. Eg såg fyrst på det som rein type 1 – har ein tendens til å undervurdere prosjekta mine, men det var ein del type 2 når me klatre opp bekkefalla med hardplast på føtene, men som kjent, type 2 er stas det også, i etterkant.

– OK. K2-ski og alpinbinding på bildene. Kva har skjedd?
– Eg rauk på ein smell i gunnerunnet i Rindabotn i april og rifta leddbandet. Tre veker seinare køyrde eg til Turtagrø med krykkjene baki bilen for å halde telemarkkurs saman med Sigurd. Espen Sollien redda meg med eit par alpinstøvlar og så var me i gang, er nok ikkje mange som har hatt telekurs på alpinsetup!

– Kor mange K2-ski skal du skruve opp med telemarkbinding?
– Skal nok berre ha ei ski med telemarkbinding. Akkurat no syns eg det er så feitt korleis spennet i alpinskia kan brukast på ein heilt annan måte enn det eg er vand med. Er flekselærling hjå Karl-Kristian Muggerud, han inspirerar i fleksekunsten og forhindrar leggmusklar i å ryke, eit lite stikk til Espen Arnesen der som også hadde sine veker på krykkjer i vinter, haha. Men djup laussnø i open bjørkeskog er framleis best på telemark, ferdig snakka.

– Farvel telemark. Er nynorsken det neste som fell?
– Ser det slik ut etter at eg har omsett spørsmåla dine til nynorsk?

– Skal du lime K2-logo på dine eldgamle Scarpa T1?
– Blir ikkje lett, ingen ting festar seg lenger på dei, knapt nok spennene.

– Kva høyrer du på i sumar?
– Byrjar dagen med album av Enslaved og Mayhem, så over på Digable Planets og Ivan Ave – får tid til å høyre mykje når eg går aleine med hamar og sag. Gamle Metallica og Motörhead-album er soundtrack når eg kløyver ved i regnvêr.

– Og kva skal du i haust og vinter?
– I haust skal eg nokre veker på reinsdyrjakt, deretter litt tømring her og der. Shout-out om nokon har ein liten tømrarjobb i Sogn til meg! Så fort snøen kjem skal eg kun stå på ski. Er med på eit nytt web-serie prosjekt saman med Sogndalsbanden (Calabacín, Woodbear, Unge Nikkolai og Slowmotion Sam++), og me drar over til Canada så fort forholda blir gode. Kjem til å bli episk, lågmælt tømmerkoie-liv, ispedd djup skikøyring langt inne i dei store skogane.

– Eg høyrer rykte om ein remix av trehopp-videoen. Eksisterar den?
– Tja, eg laga ein, men eg var ikkje så nøgd med sjølve hoppet, men innrunnet, det var kult! Så det må i såfall bli råfilmen frå Virben. Rakk berre to forsøk før me måtte pakke saman, det blir ein del to av det prosjektet ein dag.

– Kven eller kva skal me sjå opp for i vinter?
– Jan Olav Nordskog over ein roadgap i Arabygdi i Vinje, Supervention 2 og webserien frå gjengen i Sogndal viss tittel framleis er uviss.

– Du køyrer mykje frå Telemark til Sogn. Har du eit bra roadtriptips?
– Stopp i Kinsarvik og kjøp med dravle og ei side lokalt pinnekjøtt, så blir dei i andre enden av reisa glade for å sjå deg.

– Kva er den mest minneverdige bilturen du har hatt til eller frå Sogndal?
– Det var ein kveld då eg køyrde kollone over Vikafjellet i den gamle bmw'en. Vindaugsviskarbolten hadde løsna og midt i snøstormen fall viskaren av. Eg hang med armen ut av ruta og viska snø frå fontruta med luva, og prøvde å sjå vegen og føle meg fram medan fronten stadig dulta i fonna eller lastebilen framfor. Solid kaffeskjelv nede i Myrkdalen etterpå.

PS! Til info: Calabacín, Woodbear, Unge Nikkolai og Slowmotion Sam = Karl-Kristian Muggerud, Vebjørn Enersen, Nikolai Nygaard og Trygg Lindkjølen

Publisert 11. august 2016 kl 11.56
Sist oppdatert 11. august 2016 kl 11.56
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen