Eg skal ikkje begynne denne oppdateringen med å fortelja om det eksepsjonelt ekstreme været som har herja Everest i årets klatresesong, heller ikkje skal eg starta med å fortelja om vekevis med hoste som til slutt førte til ribbeinsbrudd. Eg skal begynne med å fortelje om Marco.
Eg møtte første gong Marco då eg var på veg oppover fjellet for å akklimatisere, han var på veg ned. Me fant fort tonen, me hadde samme planar – klatre utan oksygen og med kun ein leir. Marco var råsterk, han hadde såvidt
vore innom det slovenske landslaget i langrenn for ein del år sidan. Seinare møtte eg Marco fleire gonger, både på fjellet og i BC, alltid smilande og blid.
For nokre dagar sidan såg eg Marco for siste gong - gjennom ein kikkert i ABC retta mot toppen av Everest. Marco ligg bak ein stein på ca. 8700 meter - stiv og kald. Han hadde ombestemt seg og valgte å bruke oksygen,
men han gjekk sannsynlegvis tom omtrent i det han stod på toppen. Han visste nok at han var i ferd med å gå tom, men kanskje vart han ramma av "summit fever". Han valgte i alle fall å gå vidare tross det ekstremt dårlege været. Han stod på toppen samtidig som Karma frå Bhutan, som
eg også kjenner godt (han klatrar på samme lisensen som meg). Karma fortalte meg at dei begge var overbevist om at dei ikkje ville overleve. Karma hadde også gått tom for oksygen. Dei starta likevel å gå nedover nordøst-ryggen.
Då Marco satte seg ned i snøn, visste Karma at han aldri kom til å reise seg igjen. Karma fortsatte litt til før også han satte seg ned – rett ved sida av liket av ein koreansk klatrar som omkom i fjor. Karma fortalte
at koreanaren brått "reiste seg opp" og pekte på ei oksygenflaske som låg eit stykke bortanfor dei. Karma reiste seg opp og skrudde oksygenflaska på systemet sitt - og den var full!
Dette redda Karmas liv.
Denne dagen og den neste (21. og 22. mai) stod ca. 15 klatrarar + sherpær på toppen av Everest. Alle kom ned igjen med større eller mindre frostskader. 3 personar omkom (seinare har sannsynlegvis to klatrarar til omkomme -
totalt 5 til no i år). Desse dagane var det meldt litt betre vær enn det har vore i resten av mai, men likevel gjekk det altså heilt gale.
Me som klatrar utan oksygen (ca. 10 stk. i år) er heilt avhengige av fint vær for å nå toppen. Kroppen er avhengig av oksygen for å produsere varme. Ingen som klatrar utan oksygen har nådd toppen av Everest i år.
Everest har aldri før utvist eit slikt raseri som ho har gjort i år.Ingen nådde toppen via normalruta frå sørsida før 29. mai, noko som aldri har skjedd før. Statistikken for 2005 vil bli svært stygg – både når det gjeld antal personar på toppen, og antal dødsfall. Alt dette
betyr at me er svært mange som no må reise heim med ein følelse av at me ikkje har fåt prøvt oss skikkeleg... Eg (og svært mange andre) er skuffa og
oppgitt - kvifor måtte me akkurat velge 2005 for å klatre Everest? Eit halvhjerta toppforsøk som eg starta natt til 28. mai - enda i hoste, oppkast og forbitrelse... Etter den ekstremt lange ventetida var kroppen så nedkoyrt og tom for krefter at eg aldri fekk vist kva eg kunne, slik som på Cho Oyu i fjor, der eg var både sterk og motivert. Men eg kunne ikkje venta lenger, visumet mitt går ut i morgon og eg må vera ute av Tibet innan den tid (eg sit no i Zangmu på grensa mellom Tibet og Nepal).
Nei no er det berre ein ting å gjera - komma seg tilbake til Kathmandu så fort som mogeleg og tilbringa ein lang kveld på ein bar sammen med andre desillusjonerte klatrarar frå heile verda, slik at me kan drukne
våre sorger i felleskap...
Jarle Traa