Dei fleste la nok turane sine opp til stølane og i dalføra i nærleiken av gardane sine, medan ungane hadde skileik og laga seg hoppbakkar på bøane.
Sjølv om både utstyret og klede ofte var enkelt og spartansk, la likevel dei ivrigaste skiløparane ut på lange turar i høgfjellet.
Terrenget kunne vere både bratt og utfordrande, og bratte sider vart køyrde med heilt enkle treski, provisoriske bindingar og beksaumarar.
Det fortel oss at mange må ha vore svært dugande skiløparar!

Indre Sunnfjord Turlag langs Heilevangsstaurane på turen Blægja. Foto: Jarl Moldestad. / Toppturar i Sunnfjord.
I ein periode vart det arrangert konkurranserenn som kunne gå over fleire fjellområde, og vere innom ulike grender.
I Sunnfjordområdet gjekk eitt av desse renna mellom Hyen i Gloppen og Vassenden i Jølster.
Ruta gjekk over Gjengedalsskaret til Vona i Naustdal, gjennom Trodalen til Angedalen i Førde og vidare til Flugestøylen i Jølster.
I fjellområdet rundt Storehesten i Gaular vart det arrangert fjellrenn for skiløparar som likte å både gå langt og køyre bratt.
Sidan kulturen og interessa for å gå på ski var sterk har det over tid blitt etablert fleire fjellskiturar, som enno er mykje brukte og som blir sett på som fjellskiklassikarar.
Årdal i Jølster til Nes i Naustdal er nok den mest kjende, og vert kvart år sett opp på programmet til Indre Sunnfjord Turlag.
Fleire av fjellskiklassikarane i området, t.d. rutene opp på breplatåa, går i terreng som er relativt bratt fjellskiterreng.
Toppturutstyret vert stadig lettare, så kanskje dei gamle klassikarane får auka besøk i framtida?
På bakgrunn av dette vel vi i dette kapittelet å skildre nokre av dei mest brukte fjellskiturane Sunnfjord har å by på.
Fjellskiturar
Ein tur til Sunnfjordbjørnen via Gottopphesten er ei majestetisk oppleving frå start til slutt.
Turen til Johannesberg gir deg kjensla av å vandre i urørt og vilt fjellandskap over platået som snor seg sørover mot toppen.
Turområdet ved Vonavatnet og Blåfjellet eignar seg for alle, og har i lang tid vore ei perle for alle som likar å ta seg ein fjellskitur.
Denne fjellskiklassikaren, som går frå Årdal i Jølster til Nes i Naustdal, har sidan 1975 stått på programmet til Indre Sunnfjord Turlag.
Turen til Skjorta startar gjennom den vakre Helgheimsdalen med Astrup si kjende Isdronning liggande mot aust over Husdalen.
Befring-Kvannebakknova, Kvitevardane, Grovabreen, Dvergsdalsstøylen er ein lang og tung fjellskitur gjennom utfordrande landskap.
Rundturen via Kvannebakknova til Bjørga er ei av dei kortare fjellskirutene som går innom Jostedalsbreen.
Supphellenipa reiser seg opp frå den kvitkledde snøkåpa over Jostedalsbreen, og har vore eit landemerke for fleire av dei gamle ferdselsvegane over breen.
Kvannebakknova til Hanekammen via Grensevarden og Bings gryte er ein rundtur på Jostedalsbreen der du startar i Befringsdalen og endar opp i Haugadalen.
Skituren på Blægja er ein lang fjellskitur som mange i Gaular og Førde har hatt som årleg påsketur.
Vêr, snø og sesong: Fleire av fjellskiturane går til relativt høge toppar der snøen ligg lenge.
Sjølv Blægja, som ligg ut mot havet, har ofte godt skiføre langt ut i mai månad. Lenger inne i landet, t.d. turane på Jostedalsbreen, har sesong som kan strekke seg langt ut i juni.
På våren kan det likevel vere aktuelt å bere skia nokre høgdemeter. For rutene i dalføra varer skisesongen som regel ut i byrjinga av mai.
På nokre turar kan ruta ligge over isdekte vatn, der kvaliteten på isen kan ha store variasjonar frå vinter til vinter.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord), Indre Sunnfjord Turlag (www.isturlag.no), Skifantomets verden (www.skifantomet.com)
Fjellføring og kurs: Breogfjell AS (www.breogfjell.no), Tilfjells AS (www.tilfjellsas.no)

Oversiktskart over Fjellskiturar i Sunnfjord. Frå Toppturar i Sunnfjord.