/ Topptur

Turbeskrivelse Befring-Kvannebakknova, Kvitevardane, Grovabreen, Dvergsdalsstøylen

Dette er ein lang og tung fjellskitur gjennom utfordrande landskap. Frå gammalt av har den vore mest brukt av dei sprekaste skigåarane i området.

Sist oppdatert: 13. november 2019 kl 15.13

Undervegs på turen kan du krydre ruta ved å ta avstikkarar til nærliggande toppar og utsiktspunkt du passerer, som Tverrfjellet og begge Kvitevardane. Kvitevarden er det høgste punktet på den gamle ferdavegen over breen frå Lunde i Jølster til Fjærland i Sogn. Til saman gir turen i overkant av 2000 høgdemeter både opp og ned, og du kryssar både Jostedalsbreen og Grovabreen. Dette er Jølster sin spreke kombinasjon av ”Haute-Route” og skimaraton!

Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta til Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp på austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. For å komme til endepunktet for turen i Dvergsdalsdalen køyrer du frå Skei rv5 til Kjøsnes, og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til toppturparkeringa ved vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim.  

Allerede abonnent?  

Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998

OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin

*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.

Alle abonnement fornyes automatisk. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.

Toppturer i Sunnfjord
Toppturer i Sunnfjord
79 toppturer i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster
 

Relaterte artikler

 

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen