• Sesong: Januar- mai
  • Stigning: 1478 høgdemeter
  • Fall: 1478 høgdemeter
  • Lengd: 18,8 km
  • Kart: Norge-serien: Ålfotbreen 1:50.000
  • Tips: Med lett randonee-utstyr kan turen også nyttast som topptur

Opp via Vasskaret Utfordrande, E1, LV

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Følg så skogsvegen mot Helgheimsdalen til endes. Du passerer Helgheimsstøylen på veg opp i Vasskaret. På grunn av skavldanningar passerer du skaret på austsida ved Brekkefjellet. Du siglar ned mot Vasskarvatnet og går i nordleg retning mot Tverrlivatnet. Dette passerer du på vestsida når du går mot foten av den breie og sørvende ryggen.Herifrå følgjer du ryggen vidare opp til terrenget flatar ut det siste stykket mot toppunktet på 1472 moh.

Heimtur: Du følgjer same ruta ned som opp.

  • Starthøgde: 220 moh.
  • Stigning: 1369 høgdemeter 
  • Fall: 109 høgdemeter 
  • Lengd: 9,4 km
  • Brattaste punkt: 30-38 grader (940-915 moh.) i Vasskaret. Brattheita i Vasskaret kan variere med snøforholda.
  • Farar: Skavldanning i Vasskaret
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Frå Toppturar i Sunnfjord