Rundturen på breplatået fører deg innom dei kjende landemerka Grensevarden og Bings gryte.
Bings gryte, som er forma av ekstreme vindtilhøve, vert om sommaren vedlikehalden og utvida av smeltevatn i botnen.
Du vil garantert drøyme deg vekk ei stund i kontrastane og formene i Bings gryte, som er naturens ekte kvite kunstverk.
Frå Hanekammen ser du rett ned på Briksdalsbreen, før du kan vende skia mot nedturen som er høgt verdsett av toppturentusiastar.
Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen.
På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva.
Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen.
På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering.
Returen via Hanekammen fører deg ned til skogsvegen i Haugadalen, som startar på Høyset ved fv453 der det er skilta mot Høyset Camping.
Her kan du parkere ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved Høyset Camping, eller nede ved fylkesvegen.
Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen.
Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola.
Dersom vegen er brøytt fram til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort. Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga.
Frå parkeringa går du mot Befringsstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova.
Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet.
Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Denne ligg like nord for Snoadvarden.
Sidan det er få referansepunkt på breplatået, kan det vere vanskeleg å orientere seg. Ta ut kompasskurs frå Snoadvarden austover mot breskjæret, fjellet som stikk opp like nordvest for 1734 moh.
Du er no på det mange kallar «Noregs tak». Frå 1734 moh. går du i nordaustleg retning mot Grensevarden som du passerer på den vestlege sida.
Frå denne går du nordover mot Bings gryte, som ligg på eit av dei smalaste partia av Jostedalsbreen.
Frå Bings gryte har du ein svak motbakke mot nordaust inn mot det store breplatået. Vidare dreiar du i nordvestleg retning mot høgda 1605 moh. på den søraustlege ryggen av Hanekammen.
Langs dette strekket kan du ta kompasskurs via eit breskjær om sikta er dårleg. Frå 1605 moh. følgjer du ryggen mot toppen av Hanekammen.
Frå toppen køyrer du først ned mot Tverrfjellet. Du held deretter fram rett sørover langs det slakaste terrenget ned i Jostebotnen, der du følgjer Tverrelva vidare ned mot dalføret.
Du kan krysse elva som går gjennom Haugadalen over bru nord for Haugastøylen. Etter å ha passert Haugastøylen følgjer du skogsvegen i Haugadalen vidare ned mot Høyset.