Parkering: Brandhaugadn toppturparkering ligg 17,5 km frå Sogndal og 4,5 km frå utgangen av Frudalstunnellen.
Parkeringa vart opna hausten 2012, som følgje av eit samarbeid mellom Sogndal kommune og Bratt Moro.
Det er ein betalingsparkering, så kjøp enkeltbillett via mobiltelefon eller sesongkort for toppturparkeringane i Sogndalsdalen på kommunehuset.
Det er infoskilt på parkeringa.
Oppturane til nordsida av Svarteholten, Blåfjellet og Nonsholten, samt oppturane til austsida av Grånipa og Togga 1205 og Togga 1340 startar rett ved parkeringa.
Likar ein å gå litt lengre, når ein også Høgafjellet, Synnevaskjer, Myrdalsbreen/Voggebreen, Gunvordalsbreen og Nystølsfjellet herfrå.
Når ein er kommen opp er det berre å ta av fellene, og nyte nedturen heilt attende til parkeringa.
Sogndalsdalen og Fjærland
Området: Sogndalsdalen byr på eit nettverk av dalar og fjellmassiv med ulike terrengtypar: Her finn du store breie snøflankar, luftige ryggar og renner for dei fleste ferdigheitsnivå.
Det nordlege området av Sogndalsdalen møter fjella på Fjærlandsida.
Fjella og dalane er forma slik at alle dalføra heng saman for skifolket. Ein kan lenke saman store delar av Sogndalsdalen med fjellovergangar.
Det er mogleg å gå lengre skiturar over fleire toppar og ende i ei anna bygd enn der du starta. Overgangane mellom fjellmassiva er innteikna på oversiktbileta.
Når det snør tett og det ikkje er vêr til topptur, kosar mange skikøyrarar seg i skogen. I Fjærland og Sogndalsdalen er det alt frå skogskøyring med jamn hellingsvinkel til bratt skogskøyring med snøputer og naturlege hopp.
Mange blir overraska av at eit så lite geografisk område som Sogndalsdalen har så mykje flott skiterreng, og at det berre ligg 15–20 minutt frå Sogndal sentrum.

Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn
Fjell og turer i oversiktskart:
2. Svarteholten
3. Blåfjellet
4. Nonsholten
5. Høgde 1387
6. Grånipa
7. Høgafjellet
8. Synnevaskjer
9. Myrdalsbreen/Voggebreen
10. Gunvordalsbreen
11. Nystølsfjellet
12. Togga 1340
13. Togga 1205
Ver, snø og sesong: Eit kjenneteikn for Sogndalsdalen er mykje snø i dalen og fjella rundt. Sesongen strekker seg frå november til og med mai.
Kart: Turkart Sogndal–Leikanger 1:50000 eller 10055 Sogndal, Norge-serien, dekker heile området som er skildra i kapitellet Sogndal og Fjærland.
Komme dit: Sogndal lufthamn, Haukåsen ligg 20 min frå Sogndal sentrum. Det går ekspressbussar frå Oslo og Bergen med fleire daglege avgangar, samt dagleg hurtigbåt frå Bergen.
Butikkar: Det er kjøpesenter og andre butikkar i Sogndal. Ein finn også spesialbutikkar for ski og fjellsport. Dei fleste matbutikkjedene har butikk i Sogndal. Det er fleire kafear og restaurantar å velje mellom.
Årleg vinteraktivitet: Fjellsportfestivalen i februar (fjellsportfestivalen.no)
Overnatting: Sogndal Lodge (sogndallodge.no) og Uteplassen (ute-plassen.no) på Selseng satsar spesielt på skifolk. I Sogndal finst elles ei rad overnattingsalternativ, frå campingplassar til hotell. Sjå Sognefjord.no
Guiding: Norgesguidene (norgesguidene.no) og Bre og Fjell (breogfjell.no)