På toppturen til Grånipa kan ein kan følgje ryggen sørover til den namnlause høgda 1387 moh.

Topptur Grånipa i Sogn - 1200 moh.
Turbeskrivelse Grånipa
Topptur til Grånipa. Austsida på Grånipa får ofte god snø etter snøfall frå vest. Frå Grånipa får ein innsyn til indre delen Laugadalen og Resbotnen.
- Hovedområde: Sogn
- Underområde: Sogndalsdalen
- Toppunkt: 1200
- Høydemeter: 780
- Kilometer:
- Faremomenter: Skred
- Himmelretning: Aust
- Bratteste punkt: 30–33 grader
Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Gå innover Gunvordalen til dei inste hyttene på Gunvordalsstølen. Gå opp der skogen er opnast.
Når ein kjem ut av skogen flatar det ut og ein får oversikt over austsida. Rund aust av nokre små klipper før ein går opp austsida sør av eit svaparti som ofte har snøsprekker. Følg deretter austsida til toppen av Grånipa.
Ønskjer ein å gå til høgde 1387 moh følgjer ein ryggen til toppunktet i sørleg retning. Det er ein kort bratt passasje på ryggen.
Lengd: Middels 3–6 timar
Himmelretning: Aust
Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter og 3,3 kilometer
Brattaste punkt: 30–33 grader i 40 høgdemeter (800–840 moh)
Farar: Skred
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå i Sogn her.
6.1 Ned austsida av Grånipa E1, GV
Same rute ned som oppturen. Nedfarten startar på ryggen til Grånipa og går ned austsida. Følg austsida der det er slakast terreng.
Når ein kjem ned under austflanken dreiar ein nordleg og sklir ned skogen til indre del av Gunvordalsstølen. Følg stølsstien/vegen tilbake til parkeringa.
Når: Desember–mai
Farar: Skred, terrengfelle
Himmelretning: Aust
Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter
Brattaste punkt: 30–33 grader i 40 høgdemeter (840–800 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
