Faremomenter: Skred, terrengfelle, utgliding, klipper og stup
Bratteste punkt: 30–33 grader
Det er to oppturar og to nedfartar på Nystølsfjellet. Den vanlegaste vegen er topptur via Togga, men ein kan også nytte nordsida frå Frudalen (11.3, sjå side 76).
Nedfartane er søraustsida ned til Laugadalen og ned nordsida til Frudalen (11.4, sjå side 76) Dette gjer til at ein kan nytte Nystølsfjellet i ein rundtur.
Sørsida ned til Laugadalen er krevjande på fleire måtar. Terrenget er eksponert med klipper, stup og det er ei bratt trong renne ein må gjennom for å komme seg ned i dalen.
11.1 Opptur via Togga 1205 moh.
Bruk oppturen 13.1 til Togga 1205 moh frå parkeringa. Frå toppen av Togga følgjer ein ryggen vestover (12.1) ein kilometer til ein kjem til Togga 1340 moh. Der møter ein eit smalt, bratt og eksponert parti på ryggen som er omlag 400 meter langt (11.1).
Ofte må ein ta av skia for å komme over dette partiet. Etter dette alpine partiet blir ryggen breiare og ein kan gå på ski til toppen. Frå parkeringa er det 5 kilometer til Nystølsfjellet.
11.2 Ned søraustsida av Nystølsfjellet E3, V
Frå toppen av Nystølsfjellet sklir ein søraust til kring 1200 moh. Eit brattare parti fører ein ned i ein bolle. Når ein kjem til slakare terreng dreiar ein meir mot aust og siktar seg inn mot renna som går på vestsida av ein pinakkel/fjellrygg.
Ein kan følje vestkanten av renna, eller ein kan krysse renna og følgje austkanten ned til Laugadalen. Denne renna er ofte også eit skredfar.
Farar: Skred, terrengfelle, utgliding, klipper og stup
Himmelretning: Søraust, aust og sør
Lengde nedkøyring: 1015 høgdemeter
Brattaste punkt: 30–33 grader i 100 høgdemeter (1400–1300 moh), 40–42 grader i 60 høgdemeter (1300–1240 moh), 33–36 grader i 140 høgdemeter (1240–1100 moh) og 37–38 grader i 300 høgdemeter (1100–800 moh)
Tips: Sidan dette er ei bratt sørside, blir snøen ofte solpåverka
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
Togga frå søraust. / Toppturar i Sogn.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.