Topptur til Svarteholten. Svarteholten er ikkje ein sjølvstendig topp, meir ein ryggformasjon med eit toppunkt. Ein får god utsikt inn i nordsida til Blåfjellet og Nonsholten.
Faremomenter: Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen
Bratteste punkt: 30 grader
Nordsida til Svarteholten er nok den mest brukte toppturen frå Sogndalsdalen. Grunnen til det er gjerne den lettkøyrde skogen under holten og at det er ein fin tur når det er dårleg sikt, eller dårleg ver i høgfjellet.
2.1 Opptur
Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind på høgre hand. Rett etter grinda dreiar du oppover mot Svarteholten.
Kring 800 moh blir det brattare, skrå mot aust slik at du kjem aust av Svarteholtryggen. Fortsett til kring 880 moh, drei deretter mot vest og gå opp på Svarteholtryggen i lågaste punktet. Følg ryggen til toppvarden på Svarteholten.
Lengd: Kort 2–4 timar
Lengd nedkøyring: 720 høgdemeter og 2,7 kilometer
Brattaste punkt: 30 grader i 120 høgdemeter (780–900 moh)
Farar: Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen
2.1 Ned nordsida av Svarteholten E1, LV
Nedturen følgjer oppturen. Følg ryggen eit stykke før du sklir i austleg retning, og følgjer dalen som ligg aust av ryggen. Etter dalformasjonen kjem du ned i ein fin og open skog.
Når: Desember–mai
Farar: Skred
Himmelretning: Nord
Lengde nedkøyring: 720 høgdemeter
Brattaste parti: 30 grader i 120 høgdemeter (900–780 moh)
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Frå toppunktet sklir du ned i lågaste punktet mot bollen under Blåfjell. Herfrå dreiar du mot nordflanken på Blåfjellet. Følg denne i vestleg sektor og hald høgda slik at du kjem ut att nedanfor Svarteholten og treff myrene. Derfrå er det tilbake til parkeringa.
Når: Februar–mai
Farar: Skred
Himmelretning: Vest og nord
Lengde nedkøyring: 720 høgdemeter
Brattaste punkt: 30–33 grader i 60 høgdemeter (1080–1020 moh) og 34–35 grader i 100 høgdemeter (900–800 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Svarteholten, Blåfjell, Nonsholten og Grånipa frå Nord. / Toppturar i Sogn
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.