Skisesongen er i full gang i store delar av Noreg, og Sunnmøre er ikkje noko unntak. Stig Helset har allereie kjørt pudder i nokre av landets tøffaste fjell.
SUNNMØRE I VINTERDRAKT: Det meldes om nydelege forhold for topptur på Sunnmøre. Dette er frå sist helg. Foto: Stig Helset
Lesetid: 2 minutter
Etter at Stig var aleine til fjells sist helg for å sjekke forholda – med fristande bilde av snø, fjell og sine eigne skituppar – sendte han oss ein snørapport som kan gje kvar ein toppturentusiast vatn i munnen:
FIN SNØ: Det er heilt greitt når skituppane brøyter snø som dette i oktober. Foto: Stig Helset
Dei siste par vekene har vi hatt skikkeleg sunnmørsk skitver, med massiv nedbør og 3-5 grader i låglandet. Dette betyr kvitt gull i høgda, noko som var lett synleg frå Ørsta sentrum, då veret endeleg klarna opp søndag. Derfor tok eg ein fottur oppover mot sentrumsfjellet Saudehornet for å sjekke snøforholda søndag ettermiddag.
Resultatet var nedslåande, då det som på avstand såg ut som eit relativt godt snødekke, på nært hald synte seg å berre vere ei moderat kåpe som knapt dekte den til dels grove ura på fjellet.
DRAMATISKE FJELL: Sunnmørske fjelltoppar og djup snø i skjønn foreining. Foto: Stig Helset
Men, på Sunnmøre kan det vere store lokale skilnader i snømengd. Derfor freista eg måndag ettermiddag i staden lukka i Fladalen på Standaleidet. Ved inngangen til dalen er det ein anleggsveg som startar på 340 moh., og som alle veit, er vegar flate, utan framstikkande steinar. Dermed kunne eg klappe på skia halvvegs oppe i vegen, dvs. 400 moh.
På veg innover og oppover sjølve Fladalen, auka snømengda monaleg. Komen opp i 1250 moh., målte eg ikkje mindre enn 110 cm snø på flatmark! Men ikkje berre det; det synte seg raskt at det også hadde danna seg ein ikkje ubetydeleg sole, som så hadde fått om lag 15 cm med rein pudder på toppen. Dermed var det berre å spenne opp skorne og kruse nedover dalen i 900 herlege høgdemeter. Rett nok tøtsja eg stein eit par-tre gonger på veg ned, men slik må ein rekne med så pass tidleg i sesongen.
Årets topptursesong er godt i gang med nydelege forhold fleire stader i Noreg – i Lyngsalpene, på Nordmøre og i Sognhar det blitt kjørt masse pudder allereie!
Sjå film:
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.