Eg blir irritert ja, nærast forbanna når eg ser på ulike SOME profilerte skikøyrarar leggje ut bilete og video der dei står på ski utan hjelm. Gjere store showprega knep.

Ein kan byrja å lure på om dei også køyrer bil utan bilbelte eller er i båt utan redningsvest.

Annonse

Me nærmar oss påske, mange av oss skal til eit skisenter eller ein topptur eller to.

Mange av oss vil også bruke hjelm når me er på ski, diverre vil nokre ikkje bruke dette.

Eg forstår ikkje problemet med å bruke hjelm. Eg greier rett å slett ikkje forstå det.

Har desse profilerte skikøyrarane reflektert over at dei er førebilete for born.

Og ikkje kom med setninga at du ikkje vil vera eit førebilete. Det er ikkje noko du kan velje. Det er noko du blir!

Ofte er desse personane sponsa av ulike merker, so ikkje kom å fortel meg at dei ikkje har råd til ein hjelm. Ein hjelm fra Sweet Protection kostar fra om lag 1000kr, det er ei billig forsikring.

Eg stiller også spørsmålsteikn til desse store merkevarene som faktisk forsetter å sponse desse utøverne som står på ski utan hjelm. Det syner ein ting, og det er at dei diverre kun tenkjer som ein god gammaldags rosablogger; likes og kommentarar! Trudde verkeleg at den tiden var forbi.

Bryr ikkje leiinga i merkevaren seg om verdiane til merkevaren? Det får meg til å tenkje at leiinga ikkje har noko eigarkjensle til merkevaren og verdiane.

Som ein bekjent av meg sa; hadde eg vert team-manager so hadde eg sett som krav at profilene min ALDRI skulle syne seg på ski utan hjelm.

So dette er også eit lite spark til alle team-managere der ute som har utøvere som ikkje er konsekvent på hjelmbruken.

Det er ikkje berre desse profilerte utøverne og deira team-managere som må sette fokus på dette. Her må også dei ulike skisenter i Noreg vera med å sette meir fokus på det.

Det kan godt komme eit påbod om hjelm. Det er vel eit delvis påbod, at born må ha hjelm.

Når eg har vert I ulike skisenter so har det skjedd at det har vert alpintrening der, og der ser ein at dei unge har på seg hjelm, medan trenara og andre i apparatet ikkje brukar hjelm. Også her bør skisenteret evt eit forbund sette krav på at alle som deltek aktivt i treninga skal bruke hjelm når ein er låst på skia.

Eg greier ikkje forstå at det skal vera so vanskleg å ta på seg ein hjelm når ein skal på ski. Det er rett å slett ubegripelig.

Når eg sjølv byrja å stå på ski ein gong på 90-tallet var det ikkje dette fokuset på hjelm, men takk og lov for at det har blitt eit større fokus på dette.

Sjølv har eg knust ein hjelm, takk til Sweet protection som faktisk tar hjelmbruk på alvor og gir deg rabatt på nytt hjelm kjøp om du har knust hjelmen din på ski.

Bruk hjelm folkens! God påske!

Dette er en kommentar. Dette gir utrykk for artikkelforfatterens syn, og er ikke nødvendigvis i tråd med redaksjonens standpunkt.