I grenseland. Asbjørn Eggebø Næss inviterer til undervisningssamling midt mellom haust og vinter på Åbittind
Lesetid: 5 minutter
Vi skriv 7. oktober. Bakken er dekt av rim, sola har så vidt nådd fjelltoppane rundt oss. Heile Romsdalen er på veg til Alnestind ettersom Trollstigen enno er open. Medan tre menn er åleine i verda på Nordmøre.
I alle fall kjennest det slik. Og framfor oss lyser Oktoberfjellet.
Jordalsgrenda er ei ganske vanleg bygd på Nordmøre. Her bur det omlag 50 innbyggjarar med ei historie som strekkjer seg attende til jernalderen. Men historia er ikkje den einaste som bør gjere innbyggjarane i Jordalsgrenda stolte. Grenda har nemleg noko svært spesielt. Ein kombinasjon som, ved rett nedbørsmengd og vindretning, er eksplosiv i ski-verda:
Ein bilveg som går opp til 500 moh, og eit minifjellmassiv som samlar snø i oktober.
Det er rart at ein gløymer kvart einaste år. Korleis det kjennest ut, denne første dagen i det kvite og mjuke. Denne skarpe og klare lufta. Denne rosafargen idet morgonsola treff toppane. Men dette er endå meir spesielt enn vanleg. Fjella framfor oss er snøkledde. Myra vi går på er dekt av kvitt rim. Men under oss, ned mot fjorden, er det haust. Det kjennest ut som å vere på grensa mellom to verder. Ei av is og snø. Ei haustfarga.
Asbjørn er ein hund. Han luktar seg oppover, blikket hans følgjer formasjonane. Ei pil i snøen her, eit kryss der, trakke til ein utgang her, kaste ein snøball ned der. Det er nemleg terrenget som gjer at vi er nett her.
Vi ville fått meir samanhengande skikøyring på Trolltind, som har same utgangspunkt. Trolltind er óg eit tryggare val snømessig, den har ei lang og austvend side med eit tydeleg søkk som samlar snø, og fint frikøyringsterreng for den som dreg ski høgre.
Åbittind er ein annan type fjell. Her er det meir terreng. Dette gjer det også til eit meir krevjande fjell. Ein kan legge sporet heilt trygt langs ryggane og unngå skredterreng heilt til like under toppen, men ein kan også rote seg ut i utløpssoner på kanten av ei gigantisk terrengfelle.
Men Åbittind er som sagt meir enn eit fjell. Det er ein høgskule. Og i dag er vi på tur med ein av forelesarane.
Det er berre ein bakdel med oktoberskulen: Undervisninga sluttar tidleg. Heile skulegarden er austvend, og dermed forsvinn sola allereie i totida. Men det gjer ingenting. Ikkje i dag. Det er trass alt første skuledag, vi rekk tre turar i djup laussnø med blå himmel over og haustfargar under, og Asbjørn skal uansett hente i barnehagen. Idet vi glir det siste stykket ned til bilane innser vi at temperaturen har stige, skyene kjem sigande frå vest. Vi var her akkurat i rette tid.
Tre veker seinare står eg igjen på parkeringsplassen under Åbittind i minusgrader, denne gongen saman med Svein-Ivar Moltu. Ein ekstra sommar har passert i mellomtida, vi har notert over 20 varmegrader på nordvestlandet i oktober, men likevel sørgjer nok eit stort snøfall for ei ny undervisningssamling på Nordmøre. Og om førre samling var strålande, så skal denne toppe den kvite kransekaka.
Vi er ikkje først denne gongen. Trollstigen er stengd, dermed er skitrafikken kanalisert hit. Mest til Trolltind, men også mot Åbittind. Og det verkar som om leiinga har mist kontrollen på elevmassen, her er det eit salig kaos av kryssande skispor frå dagen før. Vi finn likevel ein uspora flanke nord for toppen, snøen er legendarisk og sinnstilstanden passerer lett ekstase. Men idet vi legg fellane på igjen, innser vi at begge har fått blikket. Det er som om ei usynleg kraft dreg oss mot noko vi har sett på heile dagen: ei linje frå egga mellom Åbittind og Trolltind som ligg der heilt urørt og jomfrueleg. Vi har ikkje med verken økser eller stegjarn, men vi greier til slutt å sparke oss opp på egga frå baksida.
Stein – saks – papir! Djup konsentrasjon. Vi står på toppen av den smale egga, alle formasjonane rundt oss er plastra med snø, det er vindstille, og inngangen til linja vår er konveks. Eg veit ikkje om eg håpar på å vinne eller tape. Publikum er på plass på Trolltind, toppen er meir som ei maurtue. 1-1. Så vinn eg siste runde. Dette er ei uvanleg bratt sesongopning. Eit minutt til å samle seg, sjå føre seg linja som vi har studert nedanfrå: to svingar i toppen, så opne opp mot høgre. Så desse sekunda som er så fylte. Tida som går saktare, kjensla av flyt, linja som opnar seg undervegs, ein lang og surfande sving ut i sola, eit lite dropp, snøen som tek imot skia under, inn i skuggen igjen, og eg er nede. Eit gledeshyl kjem heilt uoppfordra frå ein stad langt inne i meg. Så kjem Svein-Ivar. Han legg seg endå lenger ute på kanten og set ei landing som om han aldri har gjort anna medan ei sky av laussnø kjem etter han. Alt er blått og kvitt og vi er nettopp uteksaminerte frå Oktoberskulen. No er det berre å vente i spenning medan søknaden til mastergraden vert behandla.
Abittind
1396 m.o.h
Utgangspunktet fra Trolltindvegen i Jordalsgrenda. Grenda ligger ved Sunndalsfjorden i Møre- og Romsdal.
Fra Sunndalsøra følger du Fv 62 til Jordalsgrenda, deretter videre på bomvei.
Nabofjellet Trolltind er et svært populært skifjell.
Traversen som inkluderer Åbit- og Trolltind er en tur som har fått klassikerstatus.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
Billigst
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.