9.1 Opptur nordaustflanken på Midtre Dyrhaugstind

Ruta er ei gamal alpin klatrerute, første gong gått av Alf B. Bryn og Klaus Hanssen i 1915. Følg rute 3.2 til Tindeklubhytta og vidare til Skagastølsbreen. Herfrå sørvestover og inn mot den store nordaustflanken som går mellom Store Dyrhaugstind og nordtoppen på Midtre Dyrhaugstind. Ruta har klipper i botnpartiet som må klatrast på vekselvis snø og klippe. Avhengig av forholda er dette omlag 50 meter grad 2–3. Sjå Klatrefører for Hurrungane for nærare skildring.

  • Lengd: 5–10 timar
  • Lengde nedkøyring: 1235 høgdemeter til Turtagrø
  • Bratteste punkt: 46–50 grader
  • Farar: Skred, bre, utgliding, klipper
  • Utstyr: Her er det behov for sikringsutstyr, isøks og stegjern. Klatring og rappell i botnen av henget forbi klippene og ned på breen.

9.1 Ned nordaustflanken på Midtre Dyrhaugstind E4, EV

Om ein er kapabel til å køyre denne, er det ei majestetisk linje. Ute på flanken er ein svært eksponert og har store klipper i fallinja under seg.

Inngangen er rundt lågaste punktet mellom nordtoppen av Midtre Dyrhaugstind og Store Dyrhaugstind. Med gode forhold etter snørike vintrar er det kanskje råd for somme å køyre mellom klippene frå flanken og ut på breen. Så vidt vi kjenner til, er linja ikkje køyrt samanhengande utan rappell. 

  • Når: Mai–juni
  • Farar: Skred, bre, utgliding, klipper. Fell du her, er du ferdig! Mykje av fallinja leier ned der klippene er høge, over sørenden av Fremste Skarstølsvatnet.
  • Himmelretning: Nordaust
  • Lengde nedkøyring: 370 høgdemeter ned til Skarstølsbreen + 860 høgdemeter ned til Turtagrø
  • Brattaste punkt: 46–50 grader i 370 høgdemeter + rappell/klippe i botnen av flanken
  • Tips: Ruta er seriøs på grunn av klippene i fallinja.
  • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.