Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen. Er Tindevegen opna, tar ein av sørover langs Tindevegen.

Etter å ha kryssa Ringselvi, parkerer ein langs vegen rundt 1000 moh. Pass på at du ikkje sperrar for annan trafikk.

11.1 Opptur Store Ringstind (Normalvegen) 2124 moh

Er Tindefjellvegen stengd, startar ein frå Turtagrø og følgjer Tindefjellvegen til Ringselvi og vidare sørover på austsida av Ringselvi og inn Ringsdalen til 1200 moh i dalbotnen.

Du ser no ein bratt vest-/sørvestvendt bakke som held fram heilt til topps på Store Dyrhaugstind.

Denne fører deg opp på breen som du følgjer sørover mot Ringsskar og midtre Ringstind.

Traverser vestover under Midtre Ringstind på om lag 1700 moh (her er det slakast). Hald vidare fram opp breen den enklaste og tryggaste vegen til Store Ringstind.

Dei siste 50 høgdemetrane til topps er bratte (40 grader). Er Tindefjellvegen open, køyrer ein denne til 1000 moh på vestsida av Ringselvi og går herfrå.

Ein kan krysse Ringselvi på ei lita demning på om lag 1000 moh, og halde fram inn dalen på austsida av elva eller på vestsida av elva frå parkeringa.

Sjå kvar det ligg mest snø seint i sesongen.

  • Lengd: Lang 7–10 timar

  • Lengde nedkøyring: 1224 høgdemeter frå Turtagrø

  • Brattaste punkt: 38–40 grader i rundt 40 høgdemeter (1460–1500 moh) og 40 høgdemeter (2080–2120 moh)

  • Farar: Skred, utgliding

  • Utstyr: Den bratte vest-/sørvestvendte bakken opp til breen er ofte hard om morgonen. Her er behov for stegjern/skarejern og isøks. Mykje av turen går på bre. 

Finn flere fine toppturer i Jotunheimen og Hurrungane her

11.1 Ned Store Ringstind (Normalvegen) E2, V

Dette er den største klassikaren i Hurrungane, og med god grunn. Ein nydeleg og variert tur i alpint landskap.

På grunn av dei nesten flate 3,5 kilometrane i Ringsdalen er dette framleis ein tur som eignar seg på fjellski.

Det finst nokre variantar som gjer at ein får meir køyring ut av turen. Følg tryggaste veg ned att over breen.

Om forholda tillet, kan det vere ein fin variant å køyre ned nordvestrenna inst i Ringsdalen. Ver merksam på isen som kan henge her.

Denne slepper om det blir for varmt eller for mykje sol.

  • Når: April–mai

  • Farar: Bre, skred, utgliding. Ver merksam på isen i toppen av nordaustrenna om du køyrer ned inst i Ringsdalen.

  • Himmelretning: Aust (toppen), nord (midten), vest (ned i Ringsdalen). 

  • Lengde nedkøyring: 1224 høgdemeter frå Turtagrø

  • Brattaste punkt: 38–40 grader i 40 høgdemeter (2120–2080 moh) og 40 høgdemeter (1500–1460 moh)

  • Tips: Køyr til botnen av Ringsdalen. Det er sjeldan nokon fordel å halde høgda ut dalen. Om du ikkje køyrer den inste renna ned i Ringsdalen, kan det vere fint å ta skia på skuldra og gå litt opp mot Store Dyrhaugstind for å få fleire svingar ned vest-/sørvestsida til Ringsdalen.

  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.  Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

Oversiktsbilete synes adkomstvegar til og frå Turtagrø. / Toppturar i Sogn.
Oversiktsbilete synes adkomstvegar til og frå Turtagrø. / Toppturar i Sogn.
Vegen opp frå Ringsdalen. / Toppturar i Sogn.
Vegen opp frå Ringsdalen. / Toppturar i Sogn.