Ofte er området her det siste som har snø frå vegen utover våren.

Tilkomst/parkering: Ein når lettast fjellet frå Rv 55 Sognefjellsvegen. Køyr til Prestesteinsvatnet mellom Turtagrø og Sognefjellshytta. Parker ved Kørpen eller Storfonni.

2.1 Opptur normalvegen

Frå Sognefjellsvegen følg vestsida av Prestesteinsvatnet. Når du har passert demninga, trekkjer du opp i søkket aust for nordryggen til Steindalsnosi og inn på Fanaråkbreen.

Sikt deg inn mot 1688-høgda aust for Fanaråknosi og rund denne til du kjem inn på søraustryggen og sommarstien frå Keisarpasset.

Følg denne over Fanaråknosi og vidare langs austryggen til Fanaråken. Ver forsiktig med å halde for mykje høgd over breen.

Det heng store skavlar på nordsida av Fanaråken. Passasjen opp på austryggen blir òg vesentleg brattare om ein går for høgt.

  • Lengd: 3–5 timar

  • Lengde nedkøyring: 700 høgdemeter

  • Brattaste punkt: Under 30 ved fornuftige vegval

  • Farar: Skavlar mot nord og Fannaråkbreen. Turen går over bre med det dette inneber av vegval og fornuft.

2.1 Ned normalvegen e1, L

Følg same veg som oppturen.

  • Når: Mai - juli, oktober til november (kan vere den fyrste skituren på hausten før Sognefjellet stengjer)

  • Farar: Skavlar i nordsida av Fanaråken.

  • Himmelretning: Aust og nordaust

  • Lengde nedkøyring: 700 høgdemeter

  • Brattaste punkt: Ved lure vegval kun små passasjar rundt 30 grader.

  • Tips: Ein fin fjellskitur, men gjev lite skikøyring.

  • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

2.2 Opptur frå turtagrø via helgedalen

Frå påske blir det ofte køyrt spor frå Turtagrø og inn Helgedalen. Følg denne løypa til Helgedalsbotnen.

Herfrå kan ein enten følgje sommarstien via Ekrehytta eller opp på vestsida av Steindøla (sjå bilete). Begge stader har korte, bratte passasjar.

  • Lengd: 4–8 timar

  • Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter

  • Bratteste punkt: 60 høgdemeter med 38–40 grader (1360–1420 moh langs sommarstien) Små heng og passasjar på 32–34 grader (1400–2068 moh)

  • Farar: Dersom ein følgjer vestsida av Steindøla opp, ver merksam på bekken som opnar seg i bratta utover våren.

  • Utstyr: Det kan vere behov for skarejern eller stegjern sidan sørsida og vestsida kan vere hard om morgonen.

2.2 Ned vestsida via Helgedalen E1, Gv

Vestsida byr på fin køyring i eit morosamt terreng. Flott å kombinere med sørsida av Steindalsnosi som ein rundtur frå Gjuvvatnet og tilbake gjennom Helgedalen tidleg i mai.

Trekk litt sørvestover frå toppen mot vestryggen og Marangsgjølet. Frå 2000 til 1900 moh kan det ofte vere steinete, før sida seg med nokre hammarar mellom 1500 og 1600 moh.

Hald nord for desse og ned mot Steindalen eller hald sør mot sommarstien og ned forbi bratt parti på 1420–1360 moh.

  • Når: Mars–mai

  • Farar: Steindøla kan ha opne parti ut i mai.

  • Himmelretning: Vest

  • Lengde nedkøyring: 1188 høgdemeter

  • Bratteste punkt: Små heng og passasjar på 34 grader (2068–1400 moh) 60 høgdemeter med 38–40 grader (1420–1360 moh langs sommarstien)

  • Tips: Når det er lenge sidan førre snøfall  og sola er framme, kan kombinasjonen sørsida på Steindalsnosi og vestsida på Fannaråki gje god, soltint snø etter ei kald, klar natt.

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

2.3 Overgang Helgedalen–Fanaråkbreen

Denne overgangen kan brukast i samband med oppgang og nedkøyring rundt Steindalsnosi og Fanaråken til og frå Turtagrø.

Frå Turtagrø inn Helgedalen og opp langs Steindøla og gjennom Steindalen (sjå skildring Steindalsnosi sørside).

Frå skaret i slakt terreng ned breen nord- og nordaustover mot Prestesteinsvatnet.

  • Lengd: 2–4 timar

  • Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter

  • Brattaste punkt: Passasjar på 34–36 grader (1300–1400 moh langs Steindøla)

  • Farar: Dersom ein følgjer vestsida av Steindøla opp, ver merksam på bekken som opnar seg i bratta utover våren. Det kan vere behov for skarejern eller stegjern sidan sørsida og vestsida kan vere hard om morgonen.

Steindalsnosi og Fanaråken frå vest. / Toppturar i Sogn.
Steindalsnosi og Fanaråken frå vest. / Toppturar i Sogn.
Steindalsnosi og Fanaråken frå syd. / Toppturar i Sogn.
Steindalsnosi og Fanaråken frå syd. / Toppturar i Sogn.