Turbeskrivelse Hurrungane minirundtur
Ein fin, alpin rundtur som kan kombinerast med fleire toppar og variantar undervegs, er rundturen om Helgedalen, Skagadalen og Ringsdalen.
Turen går gjennom mykje av det finaste landskapet i Hurrungane og gir godt utsyn til mange av toppane frå ulike vinklar. Dette er turen for dei som ønskjer å ta ein lang, alpin tur, og oppleve mest mogleg av Hurrungane. Det er mykje av og på med feller, korte og bratte passasjar opp og ned mellom skar og over brear. Lett alpint utstyr eller fjellski er derfor godt eigna. Turen kan kombinerast med tallause toppar og nedkøyringsvariantar.
Tilkomst/parkering: Start frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen
Frå Turtagrø inn Helgedalen og opp mot Styggedalsbreen. Inn Styggedalsbreen til 1520 moh. Herfrå opp vestover mot skaret mellom Kolnosi og Nordre Skagastølstind. Vidare vestover mot Tindeklubhytta og sørover opp Skagadalen til Skagastølsbandet. Herfrå over Midtmaradalsbreen til Lovskar. Opp Lovskar og ned på Stølsmaradalsbreen. Rund sør for Austre Ringstind og gjennom Ringsskar. Hald fram til Turtagrø via Ringsdalen.
Lengd: 5–10 timar
Lengde nedkøyring: Totalt omlag 1350 høgdemeter, mykje opp og ned.
Brattaste punkt: 40–45 grader opp og ned Lovskar (Sjå elles informasjon om andre turar).
Farar: Bre, skred. Det er bratt opp og ned Lovskar. Turen krev skarejern/stegjern, Isøks og breutstyr