Krundalen er Noregs vakraste dal - seier dei fleste som har vore der. Hengjedalen som strekker frå Haugen til den bratte Bergsetbreen er vakker sommar som vinter.
Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
Jostedalen
Geografisk strekkjer Jostedalen seg 4 mil frå Gaupne i sør og til Styggevatnet i nord. Lokalt følgjer stadnamnet likevel den gamle kommunegrensa ved Haukåsgjølet.
Leirdøler og vigdøler reknar seg vanlegvis ikkje som jostedøler, og snakkar heller ikkje jostedalsdialekt.
Her har vi likevel samla desse sørlege hengjedalføra i kapittelet om Jostedalen.
Etter som ein køyrer framover Jostedalen vert avstanden til nasjonalparkane på både sider mindre og mindre, Jostedalsbreen nasjonalpark i vest og Breheimen i aust.
Bygda er altså omringa av verna natur, relativt høge fjell og store og små brear. Breane fortel oss at det snøar mykje i fjellet lokalt.
Nærleiken til den største breen på Europa-kontinentet gjev ein lang vinter.
På Gjerde 200 meter over havet er snønormalen over ein meter i starten av april, og så aukar det på oppover fjella til metervis med snø i høgda.
Svært store snøfall på 30-40 cm er det normalt sett få av, men sjeldan mildver og regn gjer at snøen byggjer seg opp jamnt og trutt utover vinteren.
Det vil og seie og at kvaliteten på snøen er jamn, det går gjerne 3-4 månader mellom skarelaga.
Anleggsvegane frå kraftutbygginga på 80-talet brånar fram litt etter litt utover våren og gjev tilgang til Vanndalen, Geisdalen og Styggevatnet.
Dette gjev Jostedalen ein lang skisesong. Draumen er å ha råd til å brøyte vegane tidlegare på våren, då vil Jostedalen kunne by på meir skiareal i mai/juni enn til dømes Trollstigen.
Om vårtrafikken på ski aukar kan det verte ein realitet. Skiturar kan vere eventyr som er uvisse og spanande. Om ein veit alt på førehand kan ein miste noko på vegen.
Det har vorte gått på ski mange stader i Jostedalen, og spesielt i Vanndalen og Leirdalen er det skilinjer i prinsippet overalt.
Les gjerne mellom linjene og stå på ski mellom linjene.
Komme hit: Bygdesenteret Gjerde ligg midt i dalen, omlag 30 minutt køyring nordover frå Gaupne, ein time frå Sogndal og om lag ein time og 20 minutt frå flyplassen i Sogndal, Haukåsen. Køyreturen til Leirdalen er 20 minutt kortare.
Overnatting: Det er to vinteropne overnattingsstader; Jostedal Hotell (jostedalhotel.no) eller på hytter på Jostedal Camping (jostedalcamping.no).
Dei ligg begge på Gjerde, rett ved butikken.
Guiding: FimbulJostedal (fimbuljostedal.no) held til i Jostedalen.
Kart: Norge-serien 1:50.000 dekker Jostedalen: Sogndal 10053: Leirdalen, Vigdalen og Sogn skisenter, Jostedalsbreen 10063: Myri, Krundalen, Styggevatnet
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.