BESTE NORSKE HERREMANN NOENSINNE: Eirik Hansen var einaste nordmann i finalen, og tok ein solid 13. plass - det beste ein mannleg, norsk padler har gjort i eit VM. Foto: Ekstremsportveko
Lesetid: 3 minutter
Lettkledde og festkledde menneske har saman med pride-flagg og ymse kajakkutstyr har omskapa breidden av Myrkdalselva til ein festival i seg sjølv. Speakeren skråler over ein beat frå DJ´en, svære TV-kamera er rigga til langs klippene som skyt opp frå vatnet, droner surrer og 25 utøvarar frå 11 land har om lag 45 sekunder kvar å vise kva dei er gode for. Eitt run. Ein vinnar.
Samtidig veit alle at alt vert avgjort på dei siste 10 sekunda. Ned stryket som er oppkalla etter Dio-låta «Holy Diver», skal alle sende linja si med berre delvis kontroll over kvar elva vil sende deg inn mot mål. Susande midt i hovudstraumen, eller dundrande inn i steinen og valsa på venstre. Ein formasjon som skapt for å skape eller knuse draumar.
Slikt vert det underhaldninga av. Nett her står horden av skuelystne. For å sjå alt verte avgjort ved målstreken. Ved eit av Noreg sine mest forgjetne stryk. Fin ein flyten heilt til mål er kjensla noko som vert sitjande i deg. Og på start står nær heile verdseliten.
Kvinneklassen er først. Fem kvinner. Fem nasjonar. Alle sine auger er retta mot Nouria Newman frå frankrike. Dama som har padla alt av dei råaste elver og ekspedisjonar verda over, og som padlar raskare enn eit fleirtal av herrene. Ho set linjene på toppen, slik alle gjer, og fell ned «Holy Diver»:
– Eg poppa opp av vatnet og var baklengs, og då tenkte eg: snu meg, eller berre gje gass baklengs?
– Du gunna på bakover som eg aldri har sett før!
– Ja! Og så velta eg. Heilt utruleg. Men eg hadde englevakt. Då eg rulla opp at var eg i full fart inn mot mål. Sjukt!?
VM 10 Nouria fekk hjelp av instinkta sine og ein skjult elvegud når alt nesten rakna før mål. Slikt verte det jubel av!
Nouria leder, på utruleg vis, i det River (ja, ho heiter det) Mutton frå New Zealand, slalåmpadler, atlet, og raskaste kvinne frå semifinalen, kjem inn mot mål. Det held ikkje. Nouria, tok ein spektakulær siger. Kanskje erfaringa frå voldsomme stryk på Indus eller i Patagonia var nøkkelen i kaoset her i Myrkdalen?
Herreklassen startar og showet fortset. Det verkar som om lag annakvar padlar kjem gjennom perfekt, eller på halv tolv. I mål er reaksjonane delte:
– Fantastisk! Det er nydeleg. Eg er så glad. For fem månader sidan var eg nesten død av ein infeksjon, og at eg kan vere her no, berre at eg kan padle att i desse stryka – eg er så takksam.
Eric Deguile er mellom dei mest meritterte padlarane i verda, og har ein fjerdeplass frå sist VM. No er han i lukkeland over å vere frisk, over arenaen og over å vere sjuende beste padlar i verda. Valentin Guiterrez frå Argentina har ikkje hatt same hell:
– 45 sekunder er nesten for kort for å vise kva ein er god for. Eg missa litt på siste droppet, og då er det over. 9. plass er ok, men…du veit.
Også heimefavorittane, dei nyinnvandra vossingane Jamie Sutton (NZL) og Nicolas Caussanel (FRA) flaut forbi meg ved mål med hovudet hengande. Jamie fekk siste bølga i fanget, medan Nico velta. Til og med vinnaren av Semifinalen måtte sjå seg slått av siste bølgje.
Matthias Weger (AUT) ende på fjerdeplass, berre nokre tidelar bak vinnar Vavrinec Hradilek (CZE), endå færre tidelar bak George Snook (NZL) og bronsevinnar Jonas Le Morvan (FRA).
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
Betal smartere med Klarna.
Abonnementene fornyes automatisk og kan sies opp når som helst, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.