Eit av måla til Hans Inge er å gjere toppturen til ein leik. «Når ein finn ei bra side og kan dunke pudder tur etter tur. Det er då det er kjekt» smiler han.

På spørsmålet om det er for seint å starte no seier han: «Det er absolutt ikkje for seint. Trening er ferskvare og det er den som er mest utrent som vil merka størst framgang».

Toppturen krev både kondisjon og styrke i beina. Hans Inge har laga eit program for å bygge nettopp dette, som du kan tilpasse ditt nivå.

Sjølv er han på veg inn i sin 4. sesong på landslaget i randonee og trenar 20-25 timar i veka. «Målet er å komma til finalen i verdscupen i sprint og å delta i OL i 2026», seier han.

Han lagar sitt eige treningsprogram og følger faktisk eit ganske likt oppsett sjølv, så om du treng litt motivasjon ein mørk haustkveld kan du tenkte på at landslagsutøvaren heilt sikkert driv med det same som deg.

 

Skjermbilde 2021-11-03 kl. 21.53.44
Trening treng ikkje være kjedeleg. Foto: Erik Østlie

Gode tilbud på overnatting, heiskort og opplevelser på Voss

Program:

Mandag: Fri

Tirsdag: Roleg økt, 1-2 timar

Denne økta førebur deg til turen opp. Ein tommelfingerregel for rolege økter er at du skal kunne snakka. Tar du ein fjelltur må du kanskje gå, tar du ein sykkeltur kan det gå litt fortare. 

Onsdag: Medium intervalløkt, 3-4*8-10 min

3-4 rundar med 8-10 min per runde. Denne økta skal vera litt hardare enn ei roleg økt, då arbeidstida er mindre. Du skal vera litt andpusten, men fint klare alle intervallane.

Torsdag: Roleg økt og styrketrening

Denne økta restituerer deg mellom intervalløktene, medan styrkedelen førebur beina. Legg opp fyrste delen som tirsdagsøkta og vel deg ut eit par øvingar til beina, gjerne nokre du kan gjere utandørs. Forslag: Utfall, 1 beins knebøy.

Lønahorgi, credit Hans Inge Klette 6
Alternativ oppstigning mot Lønahorgi. Foto: Hans Inge Klette

Fredag: Fri

Lørdag: Intervall, 4*4

4 rundar med 4 min per runde. Denne økta skal vera hardare enn onsdagsøkta og du skal pusta godt.

Tilpass økta etter kvart som formen bli betre, auk då til 5*5 så 6*6.

Søndag: Langtur, 2-5 timar

Denne økta bør spegla toppturen du ynskjer å gå.

Mange legg gjerne ut på ein topptur som tar 4-5 timar, men er ikkje vand med å vera ute så lenge.

Ta gjerne med niste og gjer det til ein dagstur, poenget er å gå/sykle i like mange timar som du kjem til å gjere på ski.

 

Skjermbilde 2021-11-03 kl. 21.59.53
Kom deg ut og tren når forholda er på sitt beste. Foto: Erik Østlie

Tips til treninga:

Vel ei treningsform du liker, då er det større sjanse for at du held fram.

Finn noko som liknar randonee i bevegelsane.

Stisykling er t.d. veldig bra trening til randonee, andre øvingar kan vera: å springe i fjellet, gå i motbakke med stavar, sykle, gå på rulleski i motbakke.

Tren styrke i beina. Sjølv om du har investert i lett utstyr skal du dra med deg meir vekt enn når du går til vanleg.

Vurder ankellodd - desse gjev ein god simulering av utstyret.

Bruk stavar. Går du med stavar får du aktivert heile kroppen og bevegelsane blir meir lik som på randonee.  

Når snøen kjem – ta økta på ski. Står du mykje på ski, blir du god på ski!

 

Tips til å finne fine nybegynnarturar:

Finn ein tur med overkommeleg lengde. Kor lenge er du vand med å gå på tur?

Om du skal køyre i skogen bør ikkje skogen vera alt for tett. Ein treng ofte å ta større svingar som nybegynnar.

Sjå etter snilt terreng – Det vil seie ikkje for bratte bakkar og ikkje for kupert terreng. Det bør vera enkelt å planlegge ruta på veg ned.

Sjå etter bra føre. Det beste føre for nybegynnarar er når det er hardt med ca 10 cm nysnø oppe.

Er det dårleg føre rår Hans Inge å reise i anlegget. Her er det alltid preparert og fint.

Voss Resort har eige randotrasé frå Bavallen, via Tråstølen og til Hangurstoppen.

Les meir om den her! 

Gå i terreng med liten eller ingen skredfare.

Enkle toppturar på Voss:

Finnbunuten frå Myrkdalen - ca 1,5t

Finnbunuten (1358 moh) frå toppen av Kari Traa-trekket i Myrkdalen Fjellandsby.

Skjermbilde 2021-11-03 kl. 22.02.15
Lønahorgi er ein enkel og fin topptur med utgangspunkt i Voss Resort. Foto: Erik Østlie

Lønahorgi frå Voss Resort - ca 2t

Frå toppen av trekkket Horgaletten (950 moh) til Lønahorgi (1410 moh).

 

Øyastølsfjellet frå Jordalen - ca 4t

Frå Nosi til Øyastølsfjellet (1237 moh)

 

Såta frå Fenno

Ein kortare tur i snilt terreng. Frå Hildestveit, via Fennestølane.

Sjå her for meir utfyllande tips til enkle toppturar på Voss

Tips til turen

Hans Inge kjem også med eit par tips til sjølve turen.

«Det beste er å løfte utstyret minst mogeleg, prøv heller å dra skia bortover snøen» forklarar han.

Sjå etter feller av typen mohair neste gong du skal ha nytt utstyr. God gli er kanskje endå viktigare enn lett utstyr.

Elles anbefala landslagsutøvaren å gå i slake linjer oppover, kjent som sikk-sakk spor eller å traversere. Gå rundt kuler og gå med så lite helling at du ikkje treng bruke hel-løftaren.

På denne måten sparer du beina til nedkøyringa, du unngår å skli bakover på fellene og utset deg for mindre fall og skredfare.

Hans Inge har også lært seg å koma igjennom dagar med lite motivasjonen.

«Sjå for deg toppturen og tenk på kvifor du legg ut på treningsturen» seier han.

Til slutt tipsar han om podcast og motiverande musikk og seier «Hugs at all trening er betre enn ingenting og gjer noko du synes er kjekt!».

Hans Inge Klette:

Skjermbilde 2021-11-03 kl. 21.49.55

Meritter:

Pallplasser i WC i U23

3. plass i verdscupen i sprint

5. plass i VM

 

Fakta:

Satsa på langrenn til han var ca 20 år.

Har dreve med randonee sida han var 13 år.

Har vore på landslaget i randonee sida

2018/2019 sesongen.

 

Mål:

Komma i finalen i verdscupen i sprint

OL 2026

 

Skjermbilde 2021-11-04 kl. 15.14.20
Gode råd om toppturar i skianlegg!