I dette unike kulturlandskapet langs Gaula kan du også finne fjell som eignar seg godt for toppturar.
Her finn du både korte og lengre turar i vill og vakker vestlandsnatur.

På veg opp til Geitebotsfjellet med utsikt mot Viksdalen. Foto: Brit Siv Fimland. / Toppturar i Sunnfjord.
Vêr, snø og sesong: På Gaularfjellet ligg snøen lenge, og turane som ligg i nærområdet har ofte godt skiføre langt ut i mai. Lenger nede i dalføret vil sesongen normalt vare ut april månad.
Kjente turar og fjell: Myranova er ein kort og familievennleg topptur, der du vert premiert med flott utsikt og ei austvend nedkøyring i snilt terreng.
Nedkøyringa frå Slettheia går i open småskog der dei fleste vil oppleve god meistring. Storfjellet gir deg storslått utsikt over Viksdalen og Haukedalsvatnet.
Geitebotsfjellet er eit av dei to høgste fjella i Gaular, og byr på fleire spennande nedkøyringar.
Når du klyv oppover den tilsynelatande bratte og uframkommelege lia opp til Snøheia, vil du bli overraska over den gøymde skiperla som dukkar opp med flott utsikt over Viksdalsvatnet.
Kart: Norge-serien Førde 1:50.000 dekkjer heile området, men delar av ruta til Snøheia ligg vest for kartet. Kartet Askvoll 1:50.000 dekkjer denne turen.
Vegen hit: Frå Førde køyrer du E39 til Moskog og tek av til fv13 mot Balestrand. Denne vegen går vidare mot Gaularfjellet. Frå Førde er det om lag 40 km til Viksdalen.
Turane rundt Viksdalsvatnet når du ved å køyre av fv13 og inn på fv610 ved Eldalsosen. Du kan også kome deg til Viksdalen ved å køyre av E39 på Sande og inn på fv13 mot Gaularfjellet.
Den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet er vinterstengd, men det vert brøytt fram til bommen ved Mjell, som ligg rett før ein kjem inn i sjølve fjellområdet.
Overnatting: Du finn camping- og/eller hytte-overnatting i Viksdalen, på Vassenden og i Førde. Sistnemnde har òg to hotell. På Sande er det òg eit hotell.
Butikkar, restaurantar og kafear: I Viksdalen er det daglegvarebutikk. I Førde er det mange butikkar og handelssenter der ein kan kjøpe det meste. Her er òg fleire sportsforretningar, kafear og restaurantar. På Sande er det hotell, kafe og daglegvarebutikk.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord)
Fjellføring og kurs: Tilfjells AS (www.tilfjellsas.no)

Oversiktskart over Viksdalen. Frå Toppturar i Sunnfjord.