
Turbeskrivelse Snøheia
Topptur til Snøheia. I vintermånadane er nordsida av Viksdalsvatnet ramma inn av ei lang, kvitkledd fjellrekke langs heile sørsida av vatnet.
- Hovedområde: Sunnfjord
- Underområde: Viksdalen
- Toppunkt: 1141
- Høydemeter: 990
- Kilometer:
- Himmelretning: Nord
- Bratteste punkt: 28-31 grader
- Startsted: Rørstadbotnen
- Tid opp/ned: 3-6 timar
- Beste sesong: Desember – april
Midt i denne nordvende rekka ligg fjellet med det passande namnet Snøheia.
Når du klyv oppover den tilsynelatande bratte og uframkommelege lia, vil du bli overraska over den gøymde skiperla som dukkar opp med flott utsikt over Viksdalsvatnet.
Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum køyrer du rv13 fram til Eldalsosen og tek av til fv610 som skiltar mot Sande. Ved Vikane tek du av mot Rørstadbotnen.
7.1.1 Opp via Rørstadstølen UTFORDRANDE, E1, GV
Frå Rørstadbotnen går du mot vest fram til Rørstadstølen. Frå stølen går du mot sørvest langs ein svak ryggformasjon mellom to mindre elvar.
Du held fram i same retning heilt til du kjem opp på høgdene like aust for Randifjellet. Over desse høgdene svingar du gradvis mot søraust.
Det er no ei kort oppstigning til neste høgdedrag, før du tek til på dei siste bakkane opp til toppen av Snøheia som ligg mot aust.
Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same ruta som du gjekk opp.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 150 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Nord
Stigning: 990 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 28-31 grader (980-1020 moh.), 26-30 grader (760-800 moh.)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.