20.1 Opptur

Ved Anestølen ser ein sørsida på Sogndalseggi. Gå to kilometer innover Langedalen til Tverråni.

Følg ein svak ryggformasjon opp langs Tverråni til du kjem opp i Haugabotn, om lag 820 moh.

Drei meir sørleg og bruk slakaste ryggformasjonen i sørsida mot det lågaste punktet på Sogndalseggi.

Skal oppturen gå til Frudalsbreen eller søraustrenna på Sogndalseggi, drei søraust ved om lag 1120 moh og gå i sørvestleg retning under fjellformasjonen og opp søraustrenna til ryggen.

  • Lengd: Lang 5–10 timer frå Selseng

  • Lengde nedkøyring: 943 høgdemeter og 7–7,5 kilometer frå Selseng 32–34 grader i 60 høgdemeter (960–1020 moh) Søraustrenna er 33–35 grader i 120 høgdemeter (1260–1380 moh)

  • Farar: Det kan vere skavldanning på toppen av søraustrenna.

20.2 Ned søraustrenna på Sogndalseggi E1, V

På ryggen sør av fjellformasjon 1460 moh går ei renne ned i Haugabotn. Ein kan starte i lågaste punktet sør av fjellformasjonen 1460 moh eller frå ryggen som går vidare mot Frudalsbreen.

Søraustrenna er ei flott renne som går over i ein flanke. I det siste henget ned mot Haugabotn bratnar det til.

Under fjellformasjonen er det eit klippeparti. For å unngå klipper, søk mot indre delen av Haugabotn.

Ein variant av denne nedkøyringa er å traversere austover under fjellformasjon og inn på nedkøyringa 4.5.2 frå austsida av same fjellformasjon.

Ein unngår også klippepartiet ved denne varianten.

  • Når: Desember–mai

  • Farar: Ver merksam på skavlar langs ryggen, ein er eksponert på veg opp og ned under dei. Siste stykkje ned i Haugabotn er brattare og det er utsett med klipper og sva. På vårparten slepp snøen grepet til svaa her.

  • Himmelretning: Søraust

  • Lengde nedkøyring: 940 høgdemeter 

  • Brattaste punkt: 33–35 grader i 120 høgdemeter (1380–1260 moh), 40 grader i 40 høgdemeter (1040–1000 moh)

  • Tips: Ver merksam på henget ned i Haugabotn, her er det mykje sva og sola tek godt her tidleg på morgonen. Det kan bli ein skavl i toppen av søraustrenna.

  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

20.3 Ned austsida av sørlege Sogndalseggi 1460 moh E1, GV

Frå toppunktet på den sørlege fjellformasjon 1460 moh er det ein austleg flanke som dreiar og går inn i søraust-/sørflanken ned mot Haugabotn.

Startpunktet er på toppen av den sørlege fjellformasjonen med ei markant klippe som vender sørover.

  • Når: Februar–mai

  • Farar: Siste stykkje ned mot Haugabotn er det klipper og brattare terreng til lenger sørvest ein kjem. Skred og terrengfeller

  • Himmelretning: Aust og søraust

  • Lengde nedkøyring: 620 høgdemeter til Haugabotn, 400 høgdemeter til Anestølen

  • Brattaste punkt: 35–37 grader i 40 høgdemeter (1460–1420 moh) og 32–34 grader i 60 høgdemeter (1020–960 moh)

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

20.4 Ned søraustsida av nordlege Sogndalseggi 1460 moh E1, GV

Dette er eit alternativ som gjev ein fin liten tur langs ein rygg.

Nedkøyringa startar med eit bratt, kort parti, deretter inn på den store sørflanken ned frå Sogndalseggi til Haugabotn. Denne flanken er jamt 25-30 grader. 

  • Når: Desember–mai

  • Farar: Eit utsett parti på ryggen og skred

  • Himmelretning: Søraust

  • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter

  • Brattaste punkt: 40–42 grader i 60 høgdemeter (1460–1400 moh) og 32–34 grader i 60 høgdemeter (1020–960 moh)

  • Tips: Her er det ein del brattare småterreng og terrengfeller. Ver merksam på vegvala under vegs.

  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

Vi har samlet turbeskrivelser av toppturer i Sogn og Sogndalsdalen her

20.5 Ned sørsida av Sogndalseggi 1384 moh E1, LV

Den nordaustlege varden, 1384 moh, eller det lågaste punktet på Sogndalseggi, er populære startpunkt frå Sogndalseggi.

Ein får fin køyring i 580 høgdemeter, med gjennomsnittleg 25 grader ned til Haugabotn.

Deretter sklir ein fint ned dei siste 360 høgdemeterane tilbake til Anestølen.

  • Når: Desember–mai

  • Farar: Ver merksam på skavlar langs den austre kanten mot Langedalen

  • Himmelretning: Sør

  • Lengde nedkøyring: 940 høgdemeter 

  • Brattaste punkt: 32–34 grader i 60 høgdemeter (1020–960 moh)

  • Tips: Snøen held lenge i dette området og det er ofte mogleg med skiturar her til langt ut i mai

  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

20.6 Ned Grøneskredene frå Sogndalseggi E2, V

Dette er ei austleg nedkøyring frå Sogndalseggi 1384 moh eventuelt Steindalseggi, 1476 moh, som krev gode snøforhold.

For å skaffe informasjon om snøforhold bør ein generelt gå opp nedkøyringa, men då går ein under den store austlege skavlen på Sogndalseggi.

Difor er det vanskeleg å gje ei god anbefaling om kva ein bør gjere. Frå det nordaustlege toppunktet til Sogndalseggi går ein nordover mot salen under Steindalseggi, og drei austover inn på stor austleg flanke.

Traverser i sørleg retning nedover austflanken til nasa på klippepartiet om lag 1100 moh. Kryss renna/slukta under nasa og hald sørleg ryggformasjon ned i Langedalen.

  • Når: Mars–mai

  • Farar: Skred og klippeband ned mot Langedalen

  • Himmelretning: Aust

  • Lengde nedkøyring: 685 høgdemeter ned i Langedalen

  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 200 høgdemeter (1300–1100 moh) og 38–40 grader i 400 høgdemeter (1100–700 moh)

  • Tips: På vårparten tek morgonsola godt i denne austsida og gjer snøen roten

  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

Oversikt Lammanipa og Frudalsfjellet frå nord. / Toppturar i Sogn.
Oversikt Lammanipa og Frudalsfjellet frå nord. / Toppturar i Sogn.