/ Topptur

Turbeskrivelse Skiturar på brear

Mange turinteresserte har høyrt historia frå Sognefjellet om karen som gjekk gjennom ei brei snøbru og vart hengande opp ned etter ei ski over avgrunnen. Han prøvde desperat å få tak på mobilen, og fekk til slutt ein SMS gjennom: «er i bre». Ei slik historie skremmer vatnet av alle skilauparar utan breerfaring. Kvifor må skifolket ta den ekstra risikoen?

Sist oppdatert: 15. november 2019 kl 12.22
Tuftebreen i vintersnø - i taulag. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
Tuftebreen i vintersnø - i taulag. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.

I høgfjellet går ofte dei finaste linjene over brear, og den fine kremtoppen ligg gjerne i enden av jøkulen. På breane ligg snøen best og lengst, og her er skibakkane oftare jamne, fine og slette grunna det plastiske underlaget. Mange av turane og linjene i Hurrungane går over brear, og sjølvsagt brefallturane i Jostedalen. Eit storslått alpint terreng er ikkje komplett utan den evige isen som ein x-faktor, og å stå på ski ved, og gjennom istårn og sprekker får blodet til å bruse i skrotten. Ein kjem ikkje utanom breane, om ein ikkje vil gå rundt! Skiturar på snødekt bre skil seg frå fotturar på to vesentlege punkt. Med ski har ein større bereflate over snøbruene og sjansen for å gå gjennom er mindre. Men når ein fyrst går gjennom med ski, er det óg meir sannsynleg at ein fer ned i sprekka, for holet vert større. Ein annan faktor som tel inn positivt er at ein som regel har høgare fart nedover breen med ski på beina. Då kan ein krysse snøbruer utan å måtte påføre full kroppsvekt. Ski er også ein mogeleg risiko fordi rutevala må takast kjapt om ein køyrer vanleg snøgt nedover i sprekkterreng. Dette gjer det likevel vanlegare å sjå skilauparar som går utan tau på snødekt bre, enn brevandrarar utan ski.

Konsekvensen av å knekke gjennom ei snøbru og ned i ein sprekk utan sikring er derimot den same med og utan ski. Breisen og sprekka er potensielt både djup, glatt, hard, trang og kald. Det vil seie at den som fell i ein sprekk må rekne med at ein fell langt ned, at ein slår seg, og til slutt sit godt fast og frys i nærkontakt med isen der nede i skuggen. Eit fall i «feil» bresprekk utan tau kan fort vere fatalt, om ein ikkje slår seg ihel, frys ein ihel. Derfor er gode tilhøve og gode vegval det mest avgjerande når ein skal gå ein bretur med ski. Gode vegval på bre lærer ein på eit brekurs og enkelte alpinkurs. Det er naudsynt med erfaring og/eller kursing for å kunne gjere ein enkel eller komplisert bretur trygg nok. 

Allerede abonnent?  

Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998

OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin

*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.

Alle abonnement fornyes automatisk. Se Fri Flyts bruker- og abonnementsvilkår her.

Toppturar i Sogn
Toppturar i Sogn
69 fjell i Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane
 

Relaterte artikler

 

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen