Faremomenter: Tverrdalen er ei stor terrengfelle og ein er utsett for store skred frå begge sider. Derfor er dette ein tur som bør gjerast under svært stabile forhold.
Bratteste punkt: 30–33 grader
Tid opp/ned: 5–10 timer
Toppturen til Nordlege Torstadnakken / Tverrdalstind er 9.5 kilometer lang fra Anestølen.
Når ein kjem opp nordflanken kring 1500 moh kan ein velje mellom fleire toppunkt på kring 1560 moh. Frå toppen har ein flott utsyn mot Hurrungane i aust og Steindalsbreen i nord.
Frå varden, 1561 moh, er det 1,8 kilometer langs ein ryggformasjon til Tverrdalstind, 1585 moh. Skli nordover og ned i Yngsdalsskardet, 1343 moh, følg deretter sørvestryggen til topps.
23.1 Opptur
Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover til du kjem til Tverrdalsvotni. Drei aust og gå opp flanken på Tverrdalskyrkja. Følg den slakaste delen av flanken til 1380 moh.
Drei mot nord og gå opp ein liten nordflanke til du kjem opp på Torstadmassivet. Drei i austleg retning mot toppen, 1561 moh.
Lengd: Lang 5–10 timer
Lengde nedkøyring: 1116 høgdemeter og nordlege Torstadnakken 7,7 kilometer/Tverrdalstind 9,5 kilometer
Brattaste punkt: 30–33 grader i henget over Tverrdalsvotni, rundt 30 grader i 280 høgdemeter (1200–1480 moh)
Farar: Tverrdalen er ei stor terrengfelle og ein er utsett for store skred frå begge sider. Derfor er dette ein tur som bør gjerast under svært stabile forhold.
Følg nordflanken (snøbre) ned til ein rygg med høgde 1380 moh. Frå ryggen etter nordflanken, drei vestover og følg vestflanken ned til Tverrdalsvotni. Følg Tverrdalen tilbake til Anestølen.
Når: Mars–mai
Farar: Terrengfelle i Tverrdalen
Himmelretning: Nord og vest
Lengde nedkøyring: 1116 høgdemeter til Anestølen
Brattaste punkt: Rundt 30 grader i 280 høgdemeter (1480–1200 moh) og 30–33 grader i henget over Tverrdalsvotni
Tips: Anbefalt som vårskitur
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Nordlege Torstadnakken frå Nipa. / Toppturar i Sogn.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.