Skibygder som Oppdal, Hemsedal og Voss har dei siste åra slitt med stadig fleire byfolk i fjellheimen, med dei ulemper det fører med seg: Kø i heisen, for mange hytter i karbonrik myr og trang sjekkemarknad laurdag kveld. Ikkje nok med det, i seinare år har byfolket også byrja å hevde dei er like gode eller betre enn bygdefolket på ski. Det har vekka harme. For kva er vel verre enn nokon som både har Tesla, dyrare Gore-tex og trur ho er betre enn deg på ski?

TOK KAMPEN FOR BYGDA OG BYEN: Disse juniorene leverte varene under frikjøringskonkurransen på Vikafjellet. Foto: Dag Sandvik
TOK KAMPEN FOR BYGDA OG BYEN: Disse juniorene leverte varene under frikjøringskonkurransen på Vikafjellet. Foto: Dag Sandvik