Vinjar Slåtten var utvilsomt en av favorittene foran VM (Voss Mesterskap) i frikøyring, men han klarte ikke å levere på sitt beste –med ett unntak. Og det er skriftlig. Her er Slåttens rapport fra årets VM på Voss:

Jomfru arrangementet VM køyring gjekk av stabelen med brask og bram i Dyrvedalen på Voss i helga. Etter ein inspeksjon på klink is, velsigna sola oss med sitt selskap og løparane som starta mot slutten av konkurransen kunne melda om gjennomslag i landingane. Langvegsreisande både frå Sogn og Bergen melder om at dei aldri har sett liknande køyring verken i inn- eller utland. Pallen vart kledd av lokale pokalar, der Knut Lemme stakk av med sigeren. Bak han svinga tidlegare velodromsyklist Dag Sandvik seg ned til ein fin andreplass, medan Ole Fretheim (vinnar av Sauda BCC 2015) vann både tredjeplassen og etterfesten. 

Annonse

Lasse Sørheim sette den største klippa du kan tenkja til ellevill jubel frå publikum, diverre var han uheldig lenger nede. Fyrst mann, deretter veteran og medarrangør, Patrik Søreide leverte solid køyring, som haldt til den sure 4. plassen. Voss Resort stillte med snøskutrar og cat skiing til toppen, for å hindre løparane i å få svette ryggar før start. Voss Vind sørgja for at "kongen av Dyrvedalen» fekk nokre ekstra kroner på bok i tillegg til tittelen. 

Konkurransen vart dømd av X Games Oslo-finalist Klaus Knutsson Finne, Eirik Øvreeide og tidlegare landslagsutøvar i kulekøyring Audun Hammersland.

Se flere bilder fra konkurransen i galleriet under resultatene!

Resultatliste:

  1. Knut Lemme

  2. Dag Sandvik

  3. Ole Fretheim

  4. Patrik Søreide

  5. Oddbjørn Ødegård

  6. Tom Custer Nedrebø

  7. Petter Salen

  8. Vinjar Slåtten

  9. Christian Lambach

  10. Eirik Tjølsen

  11. Rolf Westli

  12. Mark  Basso

  13. Martin Gilleshammer

  14. Lasse Sørheim

  15. Marcio Franco

  16. Kenneth Fossen

  17. Marius  Selje

  18. Bård Finne

  19. Vegard Birkeland

  20. Sondre Folkedal

  21. Eirik Aadland

  22. Mari Jokerud

  23. Jacob  Hjelm

  24. Johannes Finne

  25. Ørjan Andersen