Desse kjører Dark Days

Fire fotografar og 11 skikøyrarar er klare for Dark Days Photo Challenge i Sogndal denne veka.

Sist oppdatert 27. januar 2015 kl 11.55
DESSE FOTOGRAFANE DELTEK: Frå venstre øvst med klokka: Bjørnar Bjørhusdal, Martin Innerdal Dalen, Jacob Slot og Vegard Breie.
DESSE FOTOGRAFANE DELTEK: Frå venstre øvst med klokka: Bjørnar Bjørhusdal, Martin Innerdal Dalen, Jacob Slot og Vegard Breie.

– No nærmar det seg med stormskritt for Arcteryx Dark Days på Uteplassen i Sogndal.

Frå onsdag til laurdag vil 4 profesjonelle fotografar med kvar sine lag vere ute i det vidstrakte skiterrenget i Sogn og skyte bildar av skikøyring, seier initiativtakar Knut Myking til Fri Flyt.

LES OGSÅ: Lagar eyecandy i Sogndal

Han har fått med seg noen av landets flinkaste i sitt fag både framfor og bak kamera, i tillegg til ein dansk globetrotter.

Desse deltar i Dark Days Photo Challenge 2015:

  • Fotograf Vegard Breie, med skikøyrarane Trygg Lindkjølen, Karl Kristian Muggerud og Anders Backe.

– Jetsett fotograf  i verdsklasse frå Ål, kommenterer Myking. 

  • Fotograf Martin Innerdal Dalen med skikøyrarane Eirik Finseth og Erik Naess.

– Trønder med fototyngde og to småbarnsfedre på slep, seier Myking.

  • Fotograf Bjørnar Bjørhusdal med skikøyrarane Steinar Nes, Torgeir Henjum og Ivar Løvik.

– Fjellmannen og gartnaren  ifrå Jostedalen er lommekjent i området, avslørar arrangøren. 

  • Fotograf Jacob Slot med skikøyrarane Seb Mayer, Jose Carron og Hanna Finkel.

– Jacob er ein globetrotter og skiboms, opprinneleg frå Danmark, men held hus i St. Anton, fortel Myking.

Eventsjefen legg til:

– Dette er fotografar og utøvarar med veldig ulik tilnærming til skikøyring, så det skal bli veldig spanande å sjå dei ulike resultatane. Dommarane vil få ein hard jobb med å kåre ein vinner!

Sogn har fått rekordstore snømengder i år, og nylig påfyll i helga og meir er i vente dei neste dagane. Det ligg godt til rette for fantastiske bildeseriar.

– Laurdag kveld blir det storstilt fest på Uteplassen i Sogndalsdalen med visning av lysbildeshow, kåring av vinnarane, instagramvinnere, tombola, pulserande rytmer og topp stemning, og lysbildeseriane vil sjølvsagt bli publisert på friflyt.no etter helga, seier Myking.

Dommerpanelet består av:

  • Hans Petter Hval- Redaktør i Fri Flyt

  • Espen Kristiansen- Videofotograf og altmoglegmann i Field Production

  • Håvard Nesbø- Fotoguru i Fjellsportfestivalen, journalist i Sogn Avis og NRK Sogn og fjordane.

Publisert 27. januar 2015 kl 11.55
Sist oppdatert 27. januar 2015 kl 11.55
annonse
Relaterte artikler
annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen