Oversiktskart over Sørsida av Jølstravatnet og Kjønesfjorden. Frå Toppturar i Sunnfjord.
Lesetid: 3 minutter
Lengst vest kan du boltre deg i heisbasert laussnøkøyring i Jølster Skisenter, medan du lenger aust kan finne utfordringar i brefall og renneformasjonar.
Området serverer nokre av dei mest besøkte og kjende skitoppane i Sunnfjord, men har også fleire mindre kjende fjell og nedkøyringar med høg kvalitet på menyen.
Vis omsyn til villreinstammen som held seg i området.
Kjente fjell og turar: Grovabreen er ein gammal fjellskiklassikar der toppturbølgja har gitt liv til mange nye og spennande nedkøyringar.
Når du kjem køyrande innover Kjøsnesfjorden ser du den steile Sygnesandsnipa med stupbratte fjellsider som går rett ned i fjorden.
Om du er på klassikaren Olahansfjellet ser du gjerne bort på den nordvende sida til Søthaugsfjellet og tenkjer «der skal eg gå ein gong!».
Orkja er næraste nabo til det meir kjende Olahansfjellet, men enno er det få som nyttar seg av dei noko brattare og leikne linjene fjellet har å by på.
Åsfjellet er ein kort tur, som byr på litt kvassare nedfart og utfordrande skogskøyring enn naboen ”Olahansen”.
Kvamsfjellet ligg i bakgarden til Jølster Skisenter, og har varierte ruteval for ein kvar smak!
Isvassnipa er knutepunktet for dei tre fjellryggane som råmar inn Bjørndalen. Knebben er starten på ein spennande fjellrygg som går vidare innover mot Høgenuken.
Med si jamne ryggforma side er Nonsnipa (Sanddalsfjellet) ein topptur der alle skikøyrarar, uavhengig av erfaring, kan finne den jublande skigleda i svingane nedover lia.
På Kvitefjellet kan du oppleve storslagen skikøyring ned flankane på ein av dei høgste toppane i vestre del av Jølster.
Vêr, snø og sesong: Sørsida av Jølstravatnet ligg i skuggesida om vinteren, og snøen ligg derfor lenge ut på våren, særleg i dei aust og nordvende sidene.
Turane rundt Dvergsdalsdalen er særleg snøsikre, sidan dei startar på nær 500 moh., og ligg tett på Grovabreen.
Her startar sesongen ofte tidleg, gjerne før desember. Turane i nærleiken av Grovabreen er meir utsette for hardt vêr og raskt skiftande vêrtilhøve.
Kart: Eit lokalt turkart, Jølster 1:50.000 dekkjer heile området.
Elles dekkjer Norge-serien: Førde 1:50.000 det meste av terrenget, utanom dei austlegaste rutene som du finn på kartet Sogndal 1.50.000.
Vegen hit: Følg E39 frå Førde mot Jølster. Turane langs sørsida av Jølstravatnet ligg lett tilgjengeleg langs fv451 Nikolai Astrups veg.
Du kan velje å følgje denne vegen til endes ved Kjøsnesfjordbrua, eller følgje E39 på nordsida av Jølstravatnet fram til Skei for å komme til rv5 langs Kjøsnesfjorden.
Overnatting: I Jølster er det hotell på Skei, og kort avstand til overnattingsmogelegheiter i Førde.
Elles er det campingplassar både på Skei og Vassenden, og hytteutleige i Årdalen, på Skei og på Lunde.
Butikkar, restaurantar og kafear: Det er daglegvarebutikkar og fleire matserveringsstader på Skei, Vassenden og i byen Førde.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord), Skifantomets verden (www.skifantomet.com)
Fjellføring og kurs: Breogfjell AS (www.breogfjell.no), Tilfjells AS (www.tilfjellsas.no)
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
Lavest månedspris
Abonnementet fortsetter å løpe etter bindingstiden inntil du selv sier det opp
Betal smartere med Klarna.
Abonnementene fornyes automatisk og kan sies opp når som helst, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.