Dette skiområdet ligg mellom dei to langstrekte dalføra som går inn til Fimland i Naustdal og Angedalen i Førde.
Inst mellom desse snørike dalføra ligg Sandfjellet.
Eit topptureldorado med talrike valmoglegheiter for både oppstigningar og nedkøyringar, i ulike vanskegrader frå begge dalføra, som dei meir utfordrande turene opp Sandfjellet og Høgefjellet.
Dei andre turane i området, Smådalsnipa, Indrebøfjellet og Svorstølsheia er gode val for dei som er ute etter litt kortare eller familievenlege toppturar.
Turane i Angedalen er alle nær Førde sentrum, og her kan du oppleve kortreist skiglede til alle døgnets tider når laussnøen lavar ned.

Pegilegjelet på Sandfjellet. Foto: Torje Bjellaas. / Toppturar i Sunnfjord.
Vêr, snø og sesong: Inst i begge dalføra ligg det vanlegvis rikeleg med snø heile sesongen, som strekker seg frå desember til mai.
Kart: To kart i Norge-serien dekkjer dette området, Førde 1:50.000 og Ålfotbreen 1:50.000.
Vegen hit: Frå Førde følgjer du rv5 til Naustdal. For å komme til Angedalen følgjer du fv481 (Angedalsvegen) mot Angedalen.
Overnatting: I Førde er det to hotell, pensjonat og campingplass. Det er hytteutleige i Naustdal.
Butikkar, restaurantar og kafear: I Førde er det rikeleg med butikkar og handelssenter der ein kan kjøpe det meste.
Her er òg fleire sportsforretningar. Her er fleire kafear og restaurantar. I Naustdal er det matbutikkar og bensinstasjon.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord)
Fjellføring og kurs: Tilfjells AS (www.tilfjellsas.no)