Topptur til Vangsen. Snøsikkert, utsikt, lang sesong og at det er ein skikkeleg topp har ført Vangsen høgt inn på lister over dei beste norske skiturane.
Faremomenter: Skred, bresprekker ved ekstreme tilhøve på hausten eller våren.
Himmelretning: N,V,A
Bratteste punkt: 35 grader
Tid opp/ned: 4,5–8 timar
Beste sesong: Desember–juli
Det er god plass til mange svingar før ein kan kalle området oppkøyrt, samstundes er fjellet også den høgste toppen på austsida av dalen.
Vangsen tyder «plogskjeret», og ein er ikkje skikkeleg jøstedøl før ein har gått topptur her på ski!
Seint og tidleg på året er turen kortare då ein kan køyre høgare med bil, sesongen varar som regel til juli før ein må bere ski, og ofte lengre.
9 Normalveg E1, GV
Frå Myri går ein slakt opp langs Vanndalsvegen, etter stølen kuttar ein svingar opp til resabakken som er den siste bakken før skoggrensa opp til flatene før Vanndalsvatnet.
Gå over elva på omlag 1000 moh og så austover litt opp og ned mot nordsida. Ein rygg startar rett sør for midten på Vanndalsvatnet, vel her slakaste veg opp.
Ikkje gå opp den fyrste ryggen lengre vest med mindre tilhøva er trygge, den er rekna som ei dårlegare vinterrute grunna større eksponering for skred.
Den svake ryggen går over i ei side, ein held litt vest, så brattare og austover før ein bikkar kanten inn i den såkalla «superbowlen».
Gå opp dette søkket mot sørvest til det flatar ut. Så sør opp bratt parti, før ei flate og ein følgjer ryggen til topps eller går rundt på den vesle breen, aust for toppen.
Det er enklare, men litt lengre. Nedatt er mange småvariasjonar av normalveger både mogelege og kjekke.
Lengd: 4,5–8 timar
Når: Desember–juli
Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter
Himmelretning: N,V,A
Brattaste punkt: 35 grader (1240–1260 moh) og parti på 40 grader ved 1500 moh.
Farar: Skred, bresprekker ved ekstreme tilhøve på hausten eller våren.
Tips: Isen på Vanndalsvatnet kan kanskje kryssast om elva er open på våren? Sjå også etter røyrgata som går rett vest frå Vanndalsstølen, her kan ein skreie omlag 300 høgdemeter ekstra om ein har skyss oppatt til Myri.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Tips: Spesielt på vårsnø er denne varianten fin. Kanskje kombinerast med ei kort, direkte linje frå toppen mot aust for meir bratt skreiing?
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
Allerede abonnent?
Norges største og beste magasin om ski, topptur og bratt friluftsliv - siden 1998
OrdinærUnder 28 år
Digital tilgang
79 kr/md i 12 md*
139 kr/md - ingen bindingstid
Med magasin
99 kr/md i 12 md*
+ 5 utgaver av Fri Flyt magasin
*Forutsetter 12 måneder bindingstid. Kanselleres når du vil, med tilgang ut bindingstiden.