33.1 Opptur

Frå Horpedal går ein inn dalen til Blåbærstøylen. Derfrå følgjer ein sommarstien mot hytta som ligg på kanten av Steindalen.

Frå Kollarhaugen til ein er inne i Steindalen går oppturen gjennom ei terrengfelle for skred. Vestflanken til Steindalsbreen går opp frå Storebotn.

Når ein kjem opp vestflanken dreiar ein sørover mot høgaste punktet på breen, eventuelt går ein til Steindalsnipa. 

  • Lengd: Lang 5–10 timar 
  • Lengde nedkøyring: 1425 høgdemeter og 7 kilometer 
  • Brattaste punkt: 30–32 grader i 180 høgdemeter (520–700 moh) og 33–35 grader i 40 høgdemeter (700–740moh)
  • Farar: Terrengfelle ned mot Steindalselvi og skred

33.1 Ned vest/nordvestsida av Steindalsbreen E1, GV

Nedfarten følgjer oppturen tilbake via Blåbærstøylen til Horpedal. 

  • Når: Jan–april
  • Farar: Terrengfelle ned mot Steindalselve og skred 
  • Himmelretning: Vest og nordvest
  • Lengde nedkøyring: 1425 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 33–35 grader i 40 høgdemeter (740–700moh) og 30–32 grader i 180 høgdemeter (700–520moh)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.