Normalveg E1, LV

Gå til Vigdalsstølen som mot Buskrednosi, forbi Vigdalsstølen og litt ned og bortover mot Kattøyra. Sjå deg ut kvar skogen ser gåande ut.

Det er vanlegvis best å følgje svake hylleformer opp skogen, så legg terrenget seg over skoggrensa. Greit til topps. Nedatt etter sporet med smarte variasjonar.

  • Lengd: 2,5–3,5 timar
  • Når: Desember–mai
  • Himmelretning: Vest
  • Lengde nedkøyring: 900
  • Brattaste punkt: Under 30 grader heile vegen
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.