Noregs største skibakke ligg i Leirdalsfjella. Dette er gjerne ein dryg påstand, men kva fjell i kongeriket med så lett tilgjenge kan gje plass til fleire svingar enn dei flotte fjella sør for Tunsbergdalsvatnet?

Hest og Asbjørnsnosi er dei store klassikarane, men kortare turar er vel så bra for skikøyringa sin del. Skogen og småterrenget i Leirdalen gjev bratte, leikne linjer og nedsnødd storsteina ur.