Torshammaren
Kvanndalstind er ei lang egg, ein passerer eit lite klatreopptak (grad 3) og den umiskjennelege fjellformasjonen Torshammaren før ein kan gje seg i kast med sjølve toppen.
Klatringa er lett og taka er gode, men dei fleste sikrar den siste taulengda ettersom det er ekstremt eksponert trearklatring.
Unntak frå regelen finst sjølvsagt, vi er trass alt i Romsdalen, og ein treng ikkje bli overraska verken av katalanarar eller lokale som passerer i shorts og joggesko.
Over skyene
Det småregnar frå starten i Venjedalen, likevel har Anders Lassas eit håp om at toppane ligg over skyene. Håpet er rett nok tynt då vi passerer Olaskarsvatnet og framleis ikkje ser noko, men i oppstigninga mot Søre Venjetind bryt vi gjennom.
Resten av dagen bevegar vi oss med skodda som eit teppe under oss, berre dei store fjella stikk opp, medan dalane og dagleglivet sine suter ligg løynde der nede i skodda.
Vesle Venjetind
Egga opp mot Vesle Venjetind er gradert 3, og må førast opp på lista over landet si beste trearklatring. Det er berre å strekkje ut handa der du ynskjer å finne eit tak, så er det der.
Egga vert meir og meir luftig ettersom vi nærmar oss toppen, men friksjonen er av ei anna verd, og oppdrifta og lyset gjev flyt. Cruxet er ein liten vegg under eit stort takoverheng rett under toppen. Anders Lasses er mjuk som ein panter og klatrar utan tau, men igjen, det er ekstremt eksponert terreng, og mange vil nok med fordel sikre heile egga.
Galleriet
Av alle stiar i Noreg må dette vere ein av dei mest spesielle. I alle fall ein av dei mest luftige. For midt i stupet i sørvestsida av Store Venjetind går det ein naturleg sti som ber namnet sitt med rette.
Det er loddrett fjell over og loddrett fjell under, men du kan krysse stupet langs ei lita hylle kalla Galleriet som tidvis berre er ein meter brei, og det nærast med hendene i lommene. Skodda har stige og ligg no som eit hav under oss,
Vestgjelet har blitt ei bukt der ein kan ankre opp skipet sitt og stige i land. Nokre minutt ovanfor Galleriet når vi fortoppen, før det siste diederet fører oss over kanten. Vi er oppe.
Ein vaktar i natta
Blånebba held auge med oss. Ho er no det einaste som stikk opp over skodda, men snart må vi ta farvel også med henne.
Vi kjem oss ned svaa på nordryggen i dei siste restane av lys, så senkar vi oss ned i det kalde ullteppet av ørsmå vassdropar. Tusenmetersbakken lever opp til ryktet sitt, spesielt om natta, spesielt med berre ei lykt, og spesielt når skodda uansett er så tett at vi berre ser ein meter framfor oss, lykt eller ikkje.
Men det gjer ingenting. Vi er fylte med lys. Vi har enno fulle segl. Kroppane våre er her, nede i mørkret. Men vi er enno der oppe, klatrande i det rosa tauverket mellom mastene på det store skoddeskipet.
Venjetindtraversen
Venjetindtraversen går over Søre, Vesle og Store Venjetind, og kan gåast i begge retningar.
Kvanndalstind kan også inkluderast i traversen, dette medfører at ein må vurdere breutstyr ettersom den kortaste ruta går over snødekt bre.
Uansett ruteval krev turen solid alpin kunnskap og erfaring
Dersom ein går traversen frå sør til nord, får ein klatre Vestegga på Vesle Venjetind – utsøkt og luftig trearklatring på fast fjell. Vestegga kan unngåast ved å halde lenger aust i sida opp mot Vesle Venjetind eller å følgje breen mot toppen av Vestgjelet.
Dersom ein ikkje er kjend, bør ein rekne lang tid på turen ettersom vegval vil ta tid. Det er inga merking på traversen med unntak av nokre få vardar opp nordryggen av Store Venjetind og langs stien opp til Olaskarsvatnet.
Dersom ein likevel har fleire bilar, kan det vere smart å parkere ein på startpunkt og ein på returpunkt i Venjedalen.
Ruta fylgjer stort sett ryggen mellom Kvanndalstind og Store Venjetind, med tidvise avstikkarar på austsida og vestsida av egga.
Totalt antal høgdemeter utan Kvanndalstind er ca 1650 m, distanse ca 13 km. Med Kvanndalstind vert totalt antal høgdemeter ca 1950 m.