Vi står på ferja og ser Otrøya nærme seg. Asbjørn Eggebø Næss har mange gongar snakka om Midsund og peika utover.

Eg har sett øyane stikke opp av havet og klassifisert det som skog og småfjell. Ingenting interessant for ski. Men denne dagen har eg late meg overtale. Problemet er at alt eg ser over ferjelemmen, framleis er skog og småfjell. Asbjørn gliser løyndomsfullt.