BRUKERARTIKKEL:
Statnett treng ei 420 kV line mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn. Dette pga. den kraftkrevjande industrien på Sunndalsøra (Statoil/Hydro Aluminium) og Aukra (Ormen Lange). Statoil/Hydro er det firma med mest pengar her i landet. Likevel har dei ikkje råd til å leggje heile lina i sjøkabel, berre fordi det kostar 6-7 gongar meir enn ei høgspentline. Er ikkje naturen her meir verdt?
Det er mange som snakkar om det økonomiske tapet som turismen her på Sunnmøre vil lide. Det vil dei heilt sikkert, men kva skyldast dette tapet? Er det ikkje at me som turistar får ei dårlegare oppleving ute i naturen? Er det ikkje den urørte naturen sin eigenverdi som får eit ”slag i magen”? Eg synest det er der fokuset må ligge.
Dette minner om Alta-aksjonen i 1981. Eg håper me slepp å kjøpe inn kjetting denne gongen. . Det er NVE som kan bestemme korleis lina skal byggjast. Dei vil ha mest mogleg informasjon. Også frå privatpersonar. Hadde vore fint om flest mogleg sendte ein e-post til ssa@nve innan fristen 22 juni og fortalde NVE kva du synest om dette. Fortel gjerne om di oppleving av naturen rundt deg, og naturen sin eigenverdi osb.
Du treng ikkje ha vore i Sunnmørsalpane for å gjere dette. Men ta deg gjerne ein tur...
Hvis du er på facebook:
"Dei som har problem med kraftlinjeplanane til Statnett" på facebook.
http://www.facebook.com/group.php?gid=235027319


















