
Turbeskrivelse Fauskevarden
Topptur til Fauskevarden. Fauskevarden er ein kort topptur, som eignar seg godt for nybegynnarar eller som ein rask ettermiddagstur.
- Hovedområde: Sunnfjord
- Underområde: Dalsfjorden og Førdefjorden
- Toppunkt: 853
- Høydemeter: 400
- Kilometer:
- Faremomenter: Ligg ofte skavlar under nordsida av toppen
- Himmelretning: Nord
- Bratteste punkt: 25-27 grader
- Startsted: Parkeringsplassen like før Nordheitunnelen
- Tid opp/ned: 2-4 timar
- Beste sesong: Desember – april
På veg opp får du utsikt over Førdefjorden, og fjellmassiva Heilefjellet og Storehesten frå baksida.
For born kan det vere artig å følgje med på flya som tek av og landar på Bringeland i det fjerne. Solnedgang frå Fauskevarden kan anbefalast!
Tilkomst/parkering: Frå Førde følgjer du fv609 mot Askvoll. Du parkerer på parkeringsplassen like før Nordheitunnelen, om lag ti km frå Førde.
1.3.1 Opp via Holefjellet Enkelt, E1, L
Frå parkeringsplassen går du sørover, og legg sporet like aust for Storevassheia. Du held fram i same retning til du har passert aust for Holefjellet og vidare mot Skinnbroka. Før Skinnbroka svingar du mot vest opp mot Fauskevarden.
Nedkøyring: Det er vanleg å køyre ned same vegen som du gjekk opp.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 460 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Nord
Stigning: 400 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 25-27 grader (600-700 moh.)
Tips: Turen passar også godt som fjellskitur
Farar: Ligg ofte skavlar under nordsida av toppen
Vanskegrad: Lett. Stor jamn side med svak helling. Vanlegvis grei skog. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.