Gardane på Fretland ligg 500 moh. noko som gjer at toppturen til Tyldringen blir relativt kort.
Parkering: Frå Sogndal sentrum følgje ein Dalavegen opp frå rutebilstasjonen.
Ta av ved skiltet Fretland og parker oppe ved gardane på egna plassar. Frå Fjærland følgje ein riksveg 5 ned Sogndalsdalen mot Kleiv som er ei skilta avkøyring.
Avkøyringa ligg rett før avkøyringa til Hodlekve skisenter. Ta nedover Dalavegen mot skiltet til Fretland. Vis omsyn når ein parkerer ved gardane.
Frå den vestlegaste garden går ein over jordet til stølen Tråna. Herfrå er det ope kulturlandskap opp til tregrensa.
Oppturen følgje den sørlegaste ryggformasjonen oppover. Kring 1050 moh går ein på vestsida av ryggen til ein kjem til toppen.
Lengd: Kort 2–4 timar
Lengde nedkøyring: 604 høgdemeter og 2,5 kilometer
Brattaste punkt: Under 30 grader
Farar: Ingen
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå i Sogn og Jølster her.
Nedfarten frå Tylderingen gjev god utsikt frå ryggen og sola i ansiktet. Ein kan følgje same veg ned som ein har gått opp.
Det er mykje ope kulturlandskap slik at ein har god plass til å boltre seg i snøen.
Når: Desember–mars/april
Farar: Ingen
Himmelretning: Sør
Lengde nedkøyring: 604 høgdemeter
Brattaste punkt: Under 30 grader
Tips: Nyt solstrålane i dei kalde månadane og ikkje vent for lenge på sesongen før ein tek turen.
Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.