Frå Togga 1205 moh er det fint å følgje ryggen vestover til høgde 1340 moh eller Nystølsfjellet. Det er mest vanleg å gå på Togga frå Gunvordal (13.1, sjå side 66).

Turbeskrivelse Togga 1205 i Sogn
Togga har ei stor nordside med terrengformasjonar som innbyr til vårskikøyring. Turen opp frå Frudalen går opp nordryggen.
- Hovedområde: Sogn
- Underområde: Sogndalsdalen
- Toppunkt: 1205
- Høydemeter: 705
- Kilometer: 2.4
- Faremomenter: Skred
- Bratteste punkt: 32–34 grader
- Tid opp/ned: 3–6 timar
Frå rasvollen ved riksvegen følgjer ein slakaste terrenget opp på nordaustryggen til Togga 1205 moh. Det er ein smal, bratt og eksponert passasje langs ryggen mellom 920–960 moh. Alternativ opptur er 13.1 søraustryggen på Togga.
Lengd: Middels 3–6 timar
Lengd nedkøyring: 705 høgdemeter og 2,4 kilometer
Brattaste punkt: 32–34 grader i 600 høgdemeter (600–1200 moh) og 36–38 grader i 40 høgdemeter (920–960 moh)
Farar: Skred
Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern.
13.6 Ned nordaustryggen frå Togga 1205 moh E2, V
Nordaustryggen er ein av fleire nedfartar frå Togga 1205 moh. Denne varianten vert oftast nytta mot slutten av sesongen. Skikøyringa ned til Frudalen er fin. Følg nordaustryggen ned til Skredene og vidare ned til riksvegen.
Når: April–mai
Farar: Skred, utgliding og klippe. Terrenget aust for Skredene har mykje klipper.
Himmelretning: Nord/nordaust
Lengd nedkøyring: 705 høgdemeter
Brattaste punkt: 36–38 grader i 40 høgdemeter (960–920 moh) og 32–34 grader i 600 høgdemeter (1200–600 moh)
Tips: Turen er ei kort og direkte linje, med mykje køyring frå Togga. Snøen held seg ofte lenger i nordsider og kan vere fin mot slutten av sesongen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.